Kamelar i Canada og Noregs einaste dinosaur – ny bok om klimahistoria

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For visst er klimafornektarane inne på noko: Vêr og klima har aldri vore ein konstant faktor. Ei ny bok stadfestar dei ekstreme, vêrmessige variasjonane kloden vår har sett, som gjorde det mogleg for krokodiller å leve i Sahara, medan kamelar i si tid treivst godt i arktiske strøk.

Geolog og forfattar Reidar Müller tek i boka «Ild og is. En kort innledning i klimaets historie» lesarane med på litt av ei reise gjennom dei siste 600 millionar åra. Og det som blir heilt klart er at klimaet har skifta mellom varme og kalde periodar.

– Skal vi prøve å spå framtida, må vi forstå forhistoria

– Skal vi prøve å spå framtida, må vi forstå forhistoria. Korleis ser eksempelvis ei fem grader varmare verda ut – eit av «i verste fall»-scenarioa til FNs klimapanel. Det kan vi seie noko om ved å skru tida 50 millionar år tilbake. Den gong voks det skogar på Svalbard, og det levde alligatorar og varanar i Arktis. Der sjøisen i dag duppar ved Nordpolen, var havtemperaturane over 20 grader, seier forskaren.

Han legg til at under førre mellomistid, for 125.000 år sidan, var temperaturane berre litt høgare enn i dag.

– Likevel smelta delar av istappen på Grønland og i Antarktis og bidrog til at havet stod nesten ti meter høgare enn i dag, slår han fast.

Reidar Müller har bora i klimahistoria – og slepper bok med imponerande tidslinjer. Foto: Aschehoug

Han svarer slik på spørsmålet om korleis vi – som ikkje har oversikt over den nyaste forskinga – skal svare ein såkalla klimafornektar:

– Du kan svare at det er rett at det i periodar har vore mykje varmare enn i dag. Men det som er spesielt no er at tempoet på klimagassutsleppa er ekstremt høge – til og med samanlikna med dei i den lange historia til jorda. Og så må vi sjå dette i samanheng med at vi er åtte milliardar menneske som breier oss ut på jorda. Vi høgg ned skogar, slaktar ned andre dyreartar og utnyttar hava hemningslaust.

– Saman med endringane i klimaet, blir dette ein svært skummel kombinasjon for økosystemet og sivilisasjonane på jorda.

Noregs einaste dinosaur

Klimautfordringar er éin ting. Meir lystprega er det å snakke med Müller om alle dei morosame funnstadene han har vore på – og alt det rare han har funne der.

– Eg har ein forkjærleik for stader i Noreg, og i fjor sommar besøkte eg Alta og dei eldste spora etter liv i Noreg. Det er nokre fossile algematter – altså, stromatolittar – som er 2.000 millionar år gamle.

Geolog og forfattar Reidar Müller tar i «Ild og is. En kort innføring i klimaets historie» lesarane med på litt av ei reise. På bildet jaktar han på dei eldste spora etter liv i Noreg, i Alta. Foto: Privat

Ein annan favoritt, fortel han, er funnet av Noregs einaste dinosaur. Han og nokre kollegaer avslørte at ein kvit, knokkelliknande struktur, som dei fann i ein oljebrønn i Nordsjøen, stamma frå ein 200 millionar år gammal plateosaur. Dette er så langt det einaste funnet av ein dinosaur i Noreg, og det er også det djupaste funnet i verda av ein dinosaur.

– Då den levde var klimaet heilt annleis i Sør-Noreg: Det var ørkenaktig og goldt – litt som indre delar av Australia i dag. Då var også Noreg lenger sør enn i dag, seier Müller.

Flodhestar i Themsen

Av andre kuriøse ting i boka, kan nemnast det faktumet at forskarane fann restar etter kamelar heilt nord i arktiske Canada.

– Dei er «berre» tre millionar år gamle, og levde i ei tid då Arktis var nesten ti grader varmare enn i dag, sjøisen var borte om sommaren og CO₂-nivåa var – interessant nok – omtrent som i dag.

– Elles er kanskje min personlege favoritt at det levde store flokkar med flodhestar i Themsen i London under førre mellomistid, som er relativt nær oss i tid. Og det er ikkje så reint lite fascinerande å tenkje på at det for 20.000 år sidan var eit par kilometer med is over hovuda våre her i Noreg.

Robert F. Scott leia to ekspedisjonar til Antarktis. Foto: Henry Maull og John Fox/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Müller har også vigd ein del plass til historia bak oppdagingane, og den kanskje mest gripande meiner forfattaren handlar om Robert F. Scott.

– Heilt til den bitre, tragiske slutten brukte briten og kumpanane hans krefter på å dra meg seg eit lass med steinprøver på den feilslåtte turen sin, tilbake frå Sørpolen. Det skulle vise seg at dei hadde komme over plantefossil som viste at det i dag iskalde Antarktis ein gong hadde vore skogkledt og – ikkje minst – at kontinentet ein gong hadde hengt saman med Australia, India, Sør-Amerika og Afrika.

Heilt til slutt, Müller. Kvifor skal vi lese akkurat «Ild og is»?

– Eg meiner ho gir ei ny og annleis vinkling på ein av dei største utfordringane våre. Elles håpar eg fatter’n får svar på nokre av dei mange spørsmåla han har stilt meg om klimahistoria. Dette er også ei bok for den klimaskeptiske onkelen din, eller for den saks skuld barnet – eller barnebarnet ditt, som slit med klimaangst.

– Eg trur og håpar begge finn kunnskap i boka som vil gi dei eit nytt perspektiv på framtida på klimaet og jorda.


Kva kan kvar enkelt gjere i kvardagen for å ta betre vare på jorda vår? Kollasj: framtida.no Foto: Elena Mozhvilo/Unsplash og Emilie Hansen

Fakta om Reidar Müller

  • Reidar Müller (f. 1971) har ei doktorgrad i geologi og er knytt til Universitetet i Oslo som forskar.
  • Han er i tillegg utdanna journalist og har skrive jamleg om naturvitskap i Aftenposten.
  • «Det som ble Norge» (2014) vekte begeistring hos både meldarar og publikum.
  • Hans førre bok, «Skogens historie» (2018) hausta gode kritikkar og er selt til fleire land.
  • Aktuell no med «Ild og is. En kort innføring i klimaets historie».

Kjelde: Aschehoug