Svensk ungdomspolitikar kallar valet «wallet-election»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når eg snakkar med dei unge ute i skulane er det eit av temaa som tek mest plass. Det er deira framtid, seier talsperson for Grön Ungdom, Aida Badeli til danske Politiken.dk.

Ho viser til klimasaka, som ho er skuffa over at ikkje har fått større plass i årets valkamp. Badeli meiner svenskar i årets val stemmer meir med lommeboka enn vanleg på grunn av auka levekostnadar, og kallar difor valet eit «wallet-election».

Lyst å høyra meir svensk? Her er 6 skandinaviske podkastar å høyra på

Fokus på middelklassen

Bortsett frå Sverigedemokraterna anerkjenner alle svenske parti at klimaendringane er menneskeskapte, og har underskrive landet sine offisielle klimamål.

Likevel er det ifølgje Gabriel Hedengren, Sverige-ekspert i tenketanken Europe Elects, berre Miljöpartiet De Gröna som har prioritert saka i årets valkamp.

– Miljöpartiet har pressa på for å snakka om klima, og dei har òg veljarar frå det segmentet som ser klima som deira førsteprioritet. Dei store partia har fokusert meir på middelklassen, som akkurat no ikkje prioriterer klimaendringar særleg høgt, seier han til Politiken.

Sverigedemokraterna aukar mest

Ifølgje SVT sitt valbarometer ligg Miljöpartiet De Gröna den 8. september an til ei oppslutning på 5,2 prosent, som er 0,8 prosent meir enn ved valet i 2018.

Størst spenning er likevel knytt til Sverigedemokraterna, som har hatt størst auke og akkurat no ligg an til å bli det nest største partiet med 21 prosent oppslutnad.

Akkurat no leiar dei borgarlege partia med knapp margin 49,9 prosent, mot 49,1 prosent. På borgarleg side er det Moderaternas Ulf Kristersson, som utfordrar dagens statsminister Magdalena Andersson.


Frå venstre: Vänsterpartiet, Socialdemokraterna, Miljöpartiet De Gröna, Centerpartiet, Moderaterna, KristdemokraternaLiberalisterna og Sverigedemokraterna er dei svenske partia som no sit i Riksdagen. Foto: Sjå bileta i saka.