Nora (22) gjorde heklehobbyen til jobb

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nora (22) gjorde heklehobbyen til jobb

Ein heit hekletrend er i ferd med å skylje inn over oss, skreiv MinMote tidlegare i sommar.

Og gjennom sommarmånadane har denne spådomen vist seg å stemme. Det florerer av hekla plagg i alle slags former og fargar i motebiletet og sosiale medium.

Frå heklenovise til inspirasjon for andre

22 år gamle Nora Koht spreier inspirasjon til desse it-plagga gjennom sosiale medium. Ho driv den heklebaserte instagramkontoen @heklenoris i tillegg til ein tiktok-konto ved same namn, der ho til saman har fleire tusen fyljarar.

Koht tok for omtrent eit år sidan fram heklenåla og fann ut korleis ein kunne lage plagg og tilbehøyr av den hekla sorten på eigahand. I sosiale medium deler ho bilete, framgangsmåte og sel oppskrifter på nokre av dei mest trendy plagga.

– Eg ønskjer å vise kor lett det er å hekle. Det som òg er så fint med hekling er at ein ser resultat så fort. Ein kan fint lage ei veske på ein kveld, fortel Nora Koht til Nynorsk pressekontor.

Nora Koht med hekla veske

Nora kan hekle ei veske på ein kveld. Nora Koht. Foto: Privat

Alt kan heklast

Ho meiner ein kan hekle nærast kva som helst.

– Samtidig som ein har moglegheit til å hekle dei aller mest trendy plagga, kan ein gjere dei særeigne og til noko ikkje alle andre har.

Ho seier at det òg skapar ein dopamindusj for hjernen å vere kreativ – og feile og meistre på vegen til eit resultat ein blir nøgd med er givande.

Koht trur hekling har vorte så populært fordi ein i dag har eit ønskje om å stikke seg ut og skape noko unikt. Sjølv om hekleplagg er moderne og blir masseprodusert, er det noko med dette å lage ting sjølv – med akkurat dei fargane ein ønskjer, bruk av perler og spesielle garn – ifølgje henne.

Nora i ein gul, rosa og lyseblå hekla hatt

Nora kan hekle alt frå vekser til hattar. Nora Koht. Foto: Privat

Instagramkontoen blei til bedrift

– Eg følte at eg hadde behov for ein ting som var «meg». Sport og slikt har aldri vore mi greie, men eg er oppvaksen i ein ganske kreativ familie, så det å bruke hendene ligg naturleg for meg, fortel Koht

Og med det starta ho med heklinga i juli i fjor. Ho har drive litt med strikking tidlegare, men ønskte da å lage litt mindre, meir delikate ting.

– Eg starta å hekle vesker, og blei hekta. Deretter enda eg opp med å gi bort mykje til venner og familie og starta derfor instagramkontoen for å hugse alt eg hadde laga. Som ei slags portefølje, forklarer Koht.

Hekla bestemorruter, veske og pledd

Dei små maskane kan bli til stre prosjekt. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken / NPK

Etter kvart fekk ho fleire og fleire fyljarar som viste interesse for det ho hekla og ville kjøpe produkta.

Da det blei stor etterspurnad etter produkta ho laga, bestemde ho seg for å byrje å selje mønster i tillegg, da produksjonsprosessen tek mykje tid.

– Det var rett og slett ikkje lønnsamt, så for tida sel eg berre mønster og lever godt med det.

Eit tydeleg trendskifte

Garnhusa Jens Hoff og House of Yarn kan melde om at det ikkje er auke i salet av bomullsgarn, men trass i dette merkar dei òg at ein hekletrend er i emning.

– Heklegarn har tidlegare seld bra, da det i fleire generasjonar har vore naturleg å hekle sine eigne gardiner, dukar og sengeteppe. Dette ser vi mindre og mindre av i dag, seier Linn Kristin Eide, dagleg leiar i garnbutikken Jens Hoff AS.

Men i år er første gong på lenge at garnleverandørane til Jens Hoff tilbyr hekleoppskrifter på klesplagg. Denne trenden ser dei òg i butikkane no i sommarsesongen.

– Vi merker ein aukande etterspurnad etter hekleoppskrifter og produserer løpande oppskrifter etter trendbiletet, kan Tor Henrik Knutsen, administrerande direktør i House of Yarn, fortelje.

To kvinner i kvite kjoler med blå og rosa hekla vesker

Sommaren er over, men Nora trur hekletrenden lever vidare. Nora Koht. Foto: Privat

Berekraft, fridom og fred

Koht tykkjer det er svært positivt at hekling har vorte så populært som det er i dag.

– Gjennom hekling kan ein lage ting sjølv og vite at det er haldbart, noko som er viktig for meg, seier ho.

Koht er opptatt av berekraft og kan fortelje om ein plan som tek heklinga eitt berekraftssteg vidare; nemleg å rive opp sengetøy og anna gammalt stoff og bruke det som heklegarn.

– Vi er blitt meir bevisste på berekraft og kvalitet, så vi får berre håpe dette er starten på ein ny æra, reflekterer Eide frå Jens Hoff.

Knutsen frå House of Yarn tenkjer òg at klimasaka spelar inn, men har òg andre tankar om trenden:

– Hekletrenden har vorte forsterka no med «fridomsfølelsen» etter både Covid og nå krigen i Ukraina, tenkjer han.

Fellesskap gjennom hekling

Ein kan fundere over årsaka til oppsvinget til hekletrenden, men det er mange som lar seg inspirere til å hekle sine eigne plagg av den enkle grunnen at dei finn inspirasjon på plattformene til Koht.

– Mange har sagt at dei blir motiverte av å sjå det eg legg ut i sosiale medium. Det er fleire som finn ro og tryggleik i det også, da plattformene mine har skapt eit slags fellesskap, fortel ho engasjert.

Populariteten til mønstera hennar og det ho viser i sosiale medium har skapt eit rom der dei som interesserer seg for hekling kan knyte band og hjelpe kvarandre med smått og stort.

Nora Koht oppmodar til at ein bør lære seg dei enklaste heklemaskene og starte med eit lite prosjekt, dersom ein er nybyrjar. På den måten ser ein resultat fort og blir ikkje overvelda av eit stort prosjekt.

Og sjølv om sommaren har vore høgsesong for dei fargerike, hekla plagga, er det ikkje grunn til å leggje frå seg heklenåla sjølv om vi har ei mørkare tid i vente.

– Til hausten trur eg hekletrenden i større grad vil omfatte tjukkare garn, sterke fargar, gjerne oransje. I tillegg til statement-tilbehøyr, og i sterke fargar, som vesker og hattar, seier Nora Koht.

(©NPK)