Bangladesh: Kuttar ein skuledag for å spare straum

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vanlegvis har skuleelevar i Bangladesh fri på fredagar, men no stengjer styresmaktene skuledørene også på laurdagar.

Dei lyt nemleg spare straum.

Det melder nyheitsbyrået AP News.

Kuttar i opningstidene

Bangladesh importerer mykje gass, noko som har vorte dyrare etter Russland gjekk til krig mot Ukraina. Tidlegare i år stengde landet 10 av kraftstasjonane som går på diesel, og i juli steig drivstoffprisane med over 50 prosent.

Det har ført til at befolkninga dei siste månadane har opplevd stadig fleire straumbrot.

For å kutte i straumforbruket innførte styresmaktene frå juli av ein nasjonal straumstopp to timar kvar dag. No skal skulane halde stengt ein dag ekstra, og i tillegg vert opningstidene til offentlege kontor og bankar korta ned med ein time kvar dag.


Illustrasjonsfoto: Pixabay