Ny måling: Fire av ti unge vil ha norsk EU-medlemsskap

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei ny spørjeundersøking utført av Sentio på vegner av Nettavisen svarar 43 prosent at dei vil ha Noreg inn i EU.

Undersøkinga er gjort blant eit representativt utval unge i alderen 18–30 år, der 718 personar har svara. Målinga har ein feilmargin på mellom 2,2-3,7 prosentpoeng.

Unge Høgre: – Positivt overraska

– Eg er positivt overraska. Eg kan ikkje hugse i mi levetid at vi har sett så høge tal blant dei unge, seier leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby (25), til Nettavisen.

I ei undersøking frå mai i år svara 19 prosent at dei var for norsk medlemskap, noko Svenneby kalla «eit godt utgangspunkt». Då uttalte Svenneby til Framtida.no at han meiner dagens ungdomsgenerasjon bør få mogelegheita til å stemme over norsk medlemskap i EU, og at det er fornuftig å få til i løpet av 2020-talet.

I juni viste ei ny måling den høgaste norske EU-oppslutninga på tolv år.

Kristine Meek Stokke er leiar i Europeisk Ungdom. Foto: Privat

Europeisk Ungdom: – Meir framtidsretta

Sentio har også spurt eit representativt utval av heile befolkninga over 18 år same spørsmålet. Der det framleis er fleirtal på 46 prosent som er mot norsk EU-medlemskap, medan 32 prosent svarar ja.

Ein annan som gler seg over tala blant dei unge, er leiar i Europeisk Ungdom, Kristine Meek Stokke.

Dette er utruleg positivt, og viser at ungdom verdset samarbeid og stabilitet i ei ny og uføreseieleg verdsorden. På målinga ser ein heilt tydeleg at den yngre generasjonen tenkjer meir framtidsretta enn den eldre. Felles utfordringar krev sjølvsagt felles løysingar, og de får vi gjennom EU, skriv Stokke i ein e-post til Framtida.no.  

Målinga viser at 33 prosent av unge er mot medlemskap, medan 24 prosent ikkje veit.

– Det er framleis ei stor utfordring at ein fjerdedel av norsk ungdom ikkje veit nok om EU til å ta et standpunkt. Det må vi gjera noko med, meiner Stokke.


Jens Håkon Birkeland, landsstyremedlem i Unge Venstre, meiner det er på tide med ei ny folkerøysting om EU. Foto: Magnus Hundvin (Unge Venstre)