I ei ny måling seier 35,3 prosent at dei ville ha stemt ja til norsk EU-medlemskap dersom det var folkerøysting i morgon.
NPK-NTB
NPK-NTB

Målinga er utført av Sentio for Nationen og Klassekampen.

Delen som seier ja til EU, har auka til 35,3 prosent frå 34,1 prosent i den førre målinga i november i fjor – og har ikkje vore høgare sidan april 2010.

Nei-delen har falle frå 54,2 til 48,8 prosent, medan andelen som svarer «veit ikkje», har auka frå 11,8 til 16 prosent.

Stortingsrepresentant og første nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn. Foto: Stortinget

Rotevatn: – Veldig gledeleg

– Det er veldig interessant at det no er ei klar utvikling ved at folk går frå å seie nei til å bli usikre, seier Venstre-nestleiar og EU-tilhengjar Sveinung Rotevatn til Nationen.

– Fleire seier også ja. Det er veldig gledeleg sett frå synspunktet mitt, seier han.

Støtta til EØS-avtalen har falle marginale 0,2 prosentpoeng, til 64,9 prosent.

Les også: Talsperson i Grøn Ungdom: – På høg tid med ein skikkeleg EU-debatt

Viktig å sjå på EØS-avtalen

– At det er mange som er for avtalen, står ikkje i motsetning til at vi ser forbetringar for norsk arbeidsliv, norsk energipolitikk og for transportsektoren vår, seier Marit Arnstad, Senterpartiets parlamentariske leiar.

Ho meiner det er viktig å sjå på handlingsrom i EØS-avtalen og i tillegg å greie ut alternativ til korleis Noreg tek omsyn til avtalen i dag.

I målinga er eit representativt utval på 1.001 personar spurt mellom 24. og 30. mai.


Les også: Unge Venstre vil ha EU-røysting i 2024: – EU har endra seg drastisk sidan 1994

Jens Håkon Birkeland, landsstyremedlem i Unge Venstre, meiner det er på tide med ei ny folkerøysting om EU. Foto: Magnus Hundvin (Unge Venstre)
ANNONSE