Eit mindretal av dei under 30 år vil ha Noreg inn i EU

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unge Høgre fekk berre 13 prosent ved skulevalet, men ingen parti får over 50 prosent, som trengst for eit EU-ja. Slik sett er 19 prosent eit godt utgangspunkt, seier Unge Høgre-leiar Ola Svenneby til Klassekampen.

Yngre har ikkje fått sagt si meining

Eit mykje brukt argument frå dei som vil at Noreg skal melde seg inn i EU, har vore at dei yngre generasjonane ikkje har fått sagt si meining i om saka.

Men i ei undersøking gjennomført av Opinion for NHO, er berre 19 prosent av dei spurde heilt eller ganske samde i at Noreg bør bli ein del av EU.

MDG-Hansson: – Nesten fordummande

I EU-målingar utført av Sentio for Klassekampen har ja-sida hatt vel 30 prosent blant dei mellom 18 og 29 dei siste to åra.

Stortingsrepresentant Rasmus Hansson frå MDG, som trur det ville vere best med eit norsk EU-medlemskap , seier han er oppgitt over at EU-undersøkingar er formulerte som ja/nei-spørsmål.

– Det reflekterer irrelevansen i skinndebatten som vi har hatt om EU i Noreg fram til no. Dei spør om noko ingen har nokon føresetnad til å vite noko om. Det er nesten fordummande.

Jens Håkon Birkeland, landsstyremedlem i Unge Venstre, meiner det er på tide med ei ny folkerøysting om EU. Foto: Magnus Hundvin (Unge Venstre)