Seks nettressursar for deg som skal skrive nynorsk
Anten du har vore nynorskbrukar heile livet eller skal skrive norskoppgåve i sidemål, kan det vere nyttig å kjenne til nokre «snarvegar» på nett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nynorskordboka!
Å sjekke ordboka er ikkje eit teikn på at du er dårleg i nynorsk – tvert imot! Sjølv om ein har hatt nynorsk hovudmål i ei årrekkje, kan det vere smart å dobbeltsjekke til dømes verbbøyingar. Når dei gode, gamle papirbøkene no er digitaliserte, er det i tillegg svært enkelt, og tar så godt som inga tid.
Bokmålsordboka og Nynorskordboka har blitt digitale og søkjesida modernisert på ordbokene.no. Her kan du søkje etter ord på både nynorsk og bokmål, eller berre ei av formene. Ordlistene her er opne og heilt gratis å bruke.
Tips: Trykk på «vis bøying» for å sjå korleis ordet blir bøygd.
Eit anna ordbok-alternativ er ordnett.no, som mange skular har abonnement på. Ordnett leverer tenester til vidaregåande skular i 10 av 11 fylke og til alle universitet, opplyser dei.
Språkrådet sine sider
Lurar du til dømes på kva som er rett skrivemåte for ei forkorting? Språkrådet har svart på ein haug med spørsmål frå andre som kanskje har lurt på det same som deg.
Tips: Av og til kan det vere så enkelt at du berre søkjer på Google, til dømes «Nato Språkrådet», og du blir teken til ei side der Språkrådet forklarar kva som er korrekt eller kva dei tilrår.
Elles har dei òg fleire ressursar under fana Nynorskhjelp. Her kan du lære om mellom anna korleis ein nyttar aktiv og passiv på nynorsk eller s-genitiv.
Det kan vere vanskeleg å omsetje nye ord innan teknologien til nynorsk, men Språkrådet har ei laga ei eiga ordliste med datatermar.
Språkrådet har òg samla ei liste over ein del norske ord som kan nyttast i staden for engelske ord.
Administrativ ordliste
Av og til har ein eit bokmålsord på tunga, men kjem ikkje på korleis ein kan skrive det på nynorsk. Eller lurar du på korleis du skal kome deg rundt alle an-, be- og -heit orda som ikkje er lov på nynorsk? Då kan det vere ein idé å ta Språkrådet si administrative ordliste til hjelp. Det er ei bokmål til nynorsk-liste.
Lista er meint å vere eit hjelpemiddel for offentleg tilsette som skal skrive nynorsk i arbeidet, men ho kan likevel vere nyttig for alle andre som skal skrive nynorsk, sidan lista inneheld mange vanlege og nyttige ord.
Juridisk ordliste
Om du ikkje finn ordet du leitar etter i den administrative ordlista, kan det vere svaret ligg i Skuleboknemndi si juridiske ordliste. Rettsspråk er ikkje berre enkelt på nynorsk, då vi stort sett blir eksponert for jus på bokmål. Visste du til dømes at «beslaglegge» blir «kverrsetje» på nynorsk?
Tips: Ordlista finst både i bokformat og på nett.
LEXIN
LEXIN er digitale ordbøker som finst på bokmål, nynorsk og 18 andre språk. Ordbøkene er laga spesielt for minoritetsspråklege elevar, men kan vere nyttige for alle sidan det er vanlege ord og uttrykk i Noreg.
I tillegg til bokmål-nynorsk-ordliste, finst det ordlister frå nynorsk til ei rekkje utanlandske språk, som engelsk, arabisk og polsk.
Tips: Det er òg tillate å bruke LEXIN som hjelpemiddel under sentralt gitt skriftleg eksamen.
Wikipedia
Ok, så er Wikipedia kanskje ikkje den sikraste kjelda du kan bruke, men av og til kan du spare deg litt tid ved å sjekke Wikipedia.
Lurar du til dømes på kva eit engelsk ord eller eit bokmålsord er på nynorsk, kan du først søkje opp sida på engelsk eller bokmål, for så å byte språk til nynorsk.
Tips: Sidan det er Wikipedia vi snakkar om, kan det vere lurt å dobbeltsjekke med andre kjelder at det stemmer, til dømes i ordboka.
- Ta også quizen: Kva er dette engelske ordet på godt norsk?