Hotelleigar Kjartan Lauritzen siktar ikkje mot eldre utanlandske turistar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har det fint og travelt for tida. Reiser rundt, hit og dit, spelar konsert på festivalar to til tre gonger i veka, så kjem eg heim, klipper graset, badar i fjorden og kosar meg med gode vener, familie og kjæraste.

Slik beskriv Per Áki Sigurdsson Kvikne, som artisten eigentleg heiter, sommarkvardagen sin.

Balestrendingen trivst med det travle livet og fartar denne sommaren, som mange somrar før, rundt i heile landet for å spele på konsertar på ulike festivalar.

Alt frå Malakoff-festivalen i Nordfjordeid til Findingsfestivalen i Oslo. Denne sommaren har han òg flytta attende til heimplassen sin og sett i gang fleire prosjekt i den vesle bygda.

Rappar frå bygda

Alt starta med at Per studerte musikkproduksjon i Bergen for å lære seg å lage beats og bli hiphop-produsent. For å bli enda flinkare byrja han å rappe på tull over beatsa.

– Sidan eg er frå ein liten plass i Sogn og Fjordane, var det liksom flautt å skulle rappe. Difor måtte eg skjule meg bak eit alter ego, fortel Per.

– Eg har alltid høyrt på rap og hiphop og ønskt å jobbe med musikk, men det var ikkje ein draum å bli artist sjølv. Eg tenkte at eg verken var eller kunne bli ein rappar, reflekterer Per. Men i dag er han ein av Noregs største rappartistar. Foto: akam1k3

Dette alter egoet vart då ein irriterande bergensar ved namn Kjartan Lauritzen – ein karakter han hadde laga då han var yngre.

– Eg tykte sjølv dette var artig og komisk, så eg valde derfor å sleppe det på Soundcloud. Plutseleg fekk låten mykje merksemd, og plutseleg stod eg på ei scene og heldt konsert, seier Per.

Han tykte dette var veldig kjekt, og etter kvart blei dette noko Per ville satse på fullt ut. Han la derfor om igjen til si eiga dialekt, men beheldt namnet. Sidan den gong har det berre gått i eitt for rapparen.

Eit alter ego i baris

I byrjinga av karrieren var det ein tydeleg skilnad mellom Kjartan Lauritzen og Per. Kjartan Lauritzen var ein vulgær karakter som ikkje stemde overeins med korleis Per var i verkelegheita.

– Men då eg bytte attende til mi eiga dialekt igjen, følte eg at Kjartan og Per meir eller mindre blei same person att, seier Per.

Han påpeiker at det å vere artist og stå på scena rett nok er jobben hans, noko som medfører at ein trer inn i ei viss rolle.

– Eg er nok meir påskrudd som Kjartan Lauritzen. I tillegg er eg nok ein versjon av meg sjølv der eg føler meg «fet», har god sjølvtillit og overdriv ting til ein viss grad, vedkjenner Per.

– Eg tek eigentleg av meg skjorta berre for å vise at eg gjev komplett faen i kva andre skulle tykkje om meg, seier Per. Her opptrer han på Neon-festivalen tidlegare i sommar. Foto: Rainer Kleive.

Eit av kjennemerka til Kjartan Lauritzen er at han dreg av seg skjorta og endar opp med bar overkropp i løpet av konsertane sine. Heime, som Per, går han aldri i baris.

– At eg kler av meg på scena, byrja som eit resultat av at eg fekk overtenning. Men det faktum at eg ikkje er den mest veltrena personen gjorde at folk tykte det var positivt at eg gjorde dette, fortel han.

Per fekk kommentarar frå publikum om at dette viser ei sjølvsikkerheit som folk tykkjer er underhaldande. I tillegg tykkjer Kjartan sjølv at det er frigjerande å ikkje trenge å ha fokus på utsjånad. Dette har ført til at folk blir skuffa om han ikkje tek av seg skjorta på konsertane.

Hotelleigar

Denne sommaren tek eit nytt kapittel til i livet til Per.

Tanta og onkelen hans dreiv nemleg Balestrand Hotell i mange år. I år ville tanta og familien flytte attende til USA, der onkelen er frå, og blei med dette nøydd til å selja hotellet i Balestrand.

– Vi følte det var trist at hotellet skulle forsvinne til nokon andre utanfor familien, vi har jo så mange gode minne frå der. Så då bestemte eg, bror min og kjærasten min oss for å kjøpe det, fortel Per.

Dei har pussa opp og kjøpt inn utstyr som robåt, SUP-brett og kajakk, og opna hotellet i mai.

Eg har lyst til å drive eit hotell som eg sjølv hadde likt å vere på. Så det er det som er målet, å steg for steg skape ein plass med kultur, musikk, god mat og god vin, seier Per.

Det er Per som har fiksa ulike samarbeid, oppretta nettside og laga instagramkontoen. Theodor (bror) og Randi (kjærast) har i større grad ansvar for den organisatoriske biten ved hotelldrifta. I tillegg jobbar Randi mykje i resepsjonen og i baren på hotellet. Per gjer òg dei tinga han får tid til mellom konsertane, som å klippe gras og elles gjere «det han får beskjed om».

Per og kjærasten Reidun Sognnæs Aamot under P3 gull i 2017. Foto: Mariam Butt / NTB / NPK

– Alle er velkomne til Balestrand Hotell, men vi optimaliserer ikkje for å ta imot eldre, utanlandske turistar. Vi ynskjer å treffe eit yngre segment enn det som har vore her tidlegare, og få norsk og utanlandsk ungdom og unge vaksne til å kome, seier Per.

Hotelldrift er ikkje ukjend territorium for Per. Familien hans har gjennom fire generasjonar drive det historiske Kviknes Hotell. Med det blir Per og far hans konkurrentar – men dei oppfører seg snarare som samarbeidspartnarar.

– Han har hjelpt oss veldig mykje, vi samarbeider og lånar ting av kvarandre. Far min er innforstått med at vi prøver å få til noko anna enn det han gjer, fortel Per.

Ein draum som går i oppfylling

– Eg har lenge hatt ein draum om å få til ein festival her i Balestrand. Og då vi kjøpte hotellet innsåg eg at det høyrer til eit kjempefint område nede ved sjøen vi kan bruke til dette, seier Per.

Så i år blir det festival i Balestrand. Balestrand Badeklubb festival blir ein dagsfestival i slutten av august som skal bestå av seks artistar, standupshow, mat og ulike barar, i tillegg til ulike opplevingar rundt om i Balestrand.

– Balestrand Badeklubb er eit musikkprosjekt eg og bror min starta i 2020. Dette går ut på at ein gjeng med ulike artistar og venar blir samla i Balestrand ei helg kvar sommar for å ha det gøy og lage musikk saman. Dette resulterte i ei plate og starten på ein årleg tradisjon, fortel Per om bakgrunnen til namnet på festivalen.

Per er svært takksam for å ha vakse opp ein plass der han har hatt så mykje fine folk rundt seg og reknar dei som avgjerande for at han har oppnådd det han har klart. Her viser han fram tatoveringa si av kommunevåpenet til Balestrand. Foto. Privat.

Han fortel vidare at Balestrand Badeklubb festival er ein god måte å få finansiert desse samlingane på. Balestrand Badeklubb (artisten) skal etter planen spele på festivalen kvart år for eit honorar. Då kan dette finansiera samlinga i staden for at Per må finansiere det åleine.

– I år fungerer festivalen som ein test for å prøve ut kva vi kan få til og lære så mykje som mogleg. Dette kan forhåpentlegvis føre til at vi neste år kan utvide festivalen til fleire dagar og tilby fleire billettar.

Vil vise at kven som helst kan få til kva som helst

– Fokuset mitt har i det siste berre vore å ha det gøy med musikken. Før fann eg fokus og gneiste i å prøve å bli større og få flest mogleg konsertar og festivalar – slik er det ikkje no lenger.

No føler Per at han har fått til det meste han ønskjer å få til – det er ikkje lenger nokon stor draum han lengtar etter å få oppfylt. Det einaste han vil, er berre å lage musikk og ha det artig med han.

– Målet mitt er å ha ro i sjela, kose meg og berre vere så glad eg kan vere, seier Per.

Mange ser på han som ei tullete type fyrst og fremst prega av humor. Sjølv om Per ikkje avfeiar dette, ønskjer han òg å uttrykkje ein seriøs bodskap gjennom musikken sin.

– Eg har lyst til å formidle at ein kan vere kven som helst og samstundes få til kva som helst, berre ein har nok lyst til det. Eg vil vise at noko så absurd som at ein gut ifrå bygda kan bli rappar. I tillegg vil eg formidle glede og kjærleik – viktigheita av å finne noko du er glad i, og som gjer deg lykkeleg.


Lurer du på kva musikk artistane lyttar til om dei treng ein sjølvtillitboost? Sjekk ut Musikkdagboka

Les også: Thea Marlene er blodfan av Justin Bieber, og vil synge saman med Stig Brenner

Thea Marlene var nyleg på P3 si liste “Best akkurat nå”, og lanserte ny musikk 29. juli. Foto: Alexander Clausen.

Fakta

Namn: Per Áki Sigurdsson Kvikne

Alder: 27 år

Vart fødd her: Fødd i Førde, oppvaksen i Balestrand

Sivilstand: Opptatt

Bil: Volvo V70

Hobby: Dataspel og bading

Noko ingen veit om deg: Eg har teke kickflip ned varemottaket på Jokeren i Balestrand.