Musikkdagboka: Thea Marlene er blodfan av Justin Bieber, og vil synge saman med Stig Brenner

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 23.08.2022 09:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik ser coveret ut til den nye singelen «Usagte ord». Foto: Alexander Clausen. Redigert av: Brage Alexander Helle.

Thea Marlene Jensen (22) sleppte sin andre singel «Usagte ord» 29. juli. Før lansering og konsert var artisten ganske spent.

– Eg gruar meg litt, men gler meg òg masse til å vise fram det nye materialet, seier Thea Marlene.

Den nye låten kunne ho godt ha tenkt seg å høyrt tolka av Gabrielle. Gabrielle er ein av hennar fem favorittartistar. Dei andre er Emilie Nicholas, SKAAR, Stig Brenner, og John Meyer.

Guilty pleasure: Justin Bieber

– Eg har alltid vore og kjem alltid til å vere blodfan av Justin Bieber.

Den største konsertopplevinga hennar var då Justin Bieber kom til Noreg og spelte på Chateau Neuf.

– Hugsar eg vann billettar og var overlykkeleg, men så stakk han jo frå scenen. Det er noko eg kjem til å hugse resten av livet. Eg gret i fleire dagar etterpå hugsar eg.

Thea Marlene kjem frå Hvaler, og studerer no låtskriving og produksjon på Westerdals. Foto: Mina Rajabpur.

Flau over sin eigen musikksmak som tenåring

Då Thea Marlene var tenåring høyrde ho mykje på topplister, edm, og tropical house. Sjølv kalla ho smaken ho hadde som veldig mainstream. Ho brukte alltid å sjekke «New Music Friday», og skulle vere fyrst ute med å kunne dei nye songane.

– Blir litt flau av å tenke på det no haha, no likar eg heller å oppdage nye artistar som eventuelt ikkje er så mainstream.

I dag høyrer artisten mest på roleg norsk pop, alt ifrå 1–12 timar om dagen.

Ville tolka Beharie

Om ho fekk vere med på «Hver gang vi møtest», ville ho ha deltatt med No. 4, Severin, Ingrid Belt, Ramon, Gabrielle, SKAAR, Ylva, Beharie, Benjamin Ingrosso, Ka2 og Dagny.

Thea Marlene ville då ha tolka «Me and my lonely» av Beharie.

– Den er så fin. Ville ha omsett den til norsk og tolka den sånn.

Favorittlåt:

Say «Something Now» av SKAAR og «Tsunami» av Emilie Nicholas.

Første album du kjøpte sjølv:

Trur det var «My World» av Justin Bieber

Kva syng du i dusjen?

Eg syng faktisk veldig sjeldan i dusjen, men visst eg gjer det ville det kanskje ha vore «Half the World Away» av AURORA. Den er så fin med masse klang tihi

Verdas beste kjærleikslåt:

Ahh det er mange fine, men eg diggar «Hva kjærlighet er» av NO. 4

Beste treningslåt:

Den var litt vanskeleg sidan eg ikkje trener så mykje ahaha, men kanskje «Khaleesi» av Gabrielle, den gjer meg litt gira:))

Kva låt skulle du ynskja du hadde laga?

«Lag på lag på lag» av Gabrielle. Synes den er så sinnssjukt fin, behageleg og håpefull. Det er litt viben av meg

Verdens mest undervurderte band/musikar:

Ahh det er mange! Men kanskje Severin, Michelle Ullestad, Kristine Bø og alt det nye av Cody Simpson.

Kven er din draume-duettpartnar – og kva låt skulle de teke?

Eg er jo veldig fan av norske artistar og norsk musikk så det hadde nok vore Stig Brenner! Han har så følsam stemme og eg hadde digga å ta ein låt eller ikkje minst skrive ein låt med han! «Når alt ikke er nok» hadde stått på lista over å synge med han.

Kva for artist ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

Gabrielle. Eg ville snakka om alt og ingenting, kanskje retta mot musikk og kva som inspirerer ein, spørje om alt eg lurar på og ha ein fin samtale.

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

«Our Last Summer» frå Mamma Mia! Den gjer stemninga og ein får verkeleg ein godfølelse av å høyre den – spesielt med allsong på refrenget og med masse stryk.

Kva låt vil du ha i gravferda di?

Det har eg ikkje tenkt på før, men det må vere «Why Would I Let You Go» av Sondre Lerche. Den er veldig fin spesielt med stryk den også.


… glad: det spørst litt på kva for eit tidspunkt på dagen det er, men på morgonen hadde det vore ei liste eg har laga sjølv som heiter «Morgenkaffen – Chill» – Den gir meg skikkeleg ro i sjela. Utover dagen hadde det vore Harry Styles, og bossanova på kvelden, med litt ost, kjeks og vin.

As It Was Jump GIF by Harry Styles

… lei meg: Høyrer eigentleg ikkje så mykje på musikk då, skriv heller nye songar:)

… sint: Høyrer heller ikkje på musikk då, skriv berre fleire songar.

… treng ein sjølvtillitsboost: Beyonce, Destiny’s Child, Britney Spears, Veronica Maggio og Bruno MarsAnimated GIF


Les også: Marthe Wang brukar musikk som eit hemmeleg våpen

Marthe Wang. Foto: Jørgen Nordby