Amanda Tenfjord (25) kombinerte medisinstudiar og Eurovision-finale

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har vore eit hektisk år for den norsk-greske artisten Amanda Georgiadis Tenfjord, og det verkar ikkje som det blir noko rolegare i tida framover heller.

I vår har ho levert eksamen i medisin og delteke i Eurovision for Hellas. Til hausten blir det singelslepp, konsert med Madrugada i Aten og øving til europaturné på nyåret. Og så skal ho gi ut debutalbumet sitt i oktober. Alt tyder på at 2022 blir litt av eit år for sunnmøringen, men i sommar har dagane vore fylte av jobb på sjukehuset i Ålesund.

– Ikkje stress!

Innspurten på medisinstudiet var for Tenfjord ganske annleis enn for medstudentane hennar.

– Det har vore tøft å kombinere studiar og musikk. Til tider veldig slitsamt, men det var godt eg hadde mange snille folk kring meg som har stilt opp. Trur eg hadde knekt saman hadde det ikkje vore for dei. Det har vore veldig gøy å få oppleve litt frå to så ulike verder.

Amanda Tenfjord leverte eksamen i medisin tidlegare i år. Foto: Privat

Ein kan trygt seie at ein ferdigutdanna lege kan reknast for å vere ein erfaren student. Etter fleire år på skulebenken, råder Tenfjord dei som skal byrje på studiar til hausten, til å ha is i magen.

– Mitt beste studietips er eigentleg å vere med folk, vere sosial, for å finne ut kva du synest er kjekt. Og så tenkjer eg at ein ikkje må stresse så mykje med å lese i byrjinga. Det går som regel bra til slutt!

Litt av begge deler

Sjølv om det er mykje musikk framover, ser ikkje Tenfjord bort frå å kombinere medisin og musikk på sikt.

– Eg tenkjer på å ta turnus etter kvart, så eg ser gjerne føre meg eit liv med ei blanding av litt av begge delar, fortel ho.

Sommaren i år har bore med seg våte dropar og kalde skyer på Nordvestlandet.

– Vêret har ikkje vore så mykje å skryte av kanskje. Så då er det kanskje like greitt at dagane har vore fylte av sommarjobb på sjukehuset i Ålesund, seier Tenfjord.

Ein typisk sommar for artisten er nemleg å vere heime i Tennfjorden i Ålesund på Sunnmøre.

– Eg har jo hatt nokre sommarjobbar, og det blir fort ein del tid som blir brukt på å jobbe. Men når eg har fri, likar eg å gå tur i fjellet og å vere med mormor.

Sommaren har Amanda Tenfjord brukt på å jobbe på sjukehuset i Ålesund, men når ho har fri, likar ho å gå tur i fjellet. Foto: Privat

Artisten har òg greske røter som ho har ei tett tilknyting til.

– Det blir gjerne ein tur til Hellas i løpet av sommaren. Det har jo ikkje skjedd dei siste åra på grunn av pandemien, men eg tenkjer å reise dit i september.

Fekk ikkje mat

I Eurovision-finalen i år plasserte ho seg på ein solid 8.-plass med den sjølvskrivne songen «Die Together». Under det greske flagget enda Tenfjord to plasseringar over norske Subwoolfer.

– Det var skikkeleg mykje jobb frå starten av, kanskje endå meir enn eg hadde trudd på førehand. Spesielt dei to siste vekene før finalen, så var det lange dagar med øvingar kvar dag. Men det var ei skikkeleg kul oppleving å få framføre noko eg har laga heilt sjølv og få så god respons i etterkant.

Amanda Tenfjord konkurrerte under det greske flagget i Eurovision-finalen i år. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Likevel var det noko som overraska artisten med opplevinga.

– Eurovision var kanskje ikkje så eksklusivt som det folk tenkjer.

– Kva tenkjer du på?

– Eg hugsa det blei litt stuss stemning blant deltakarane i Italia etter titals timar med øving og berre veldig dyr mat tilgjengeleg. Det tok meg litt på senga, som kanskje har blitt godt van med norske festivalar. Sjølv den minste festival her i Noreg, då blir ein liksom tatt så godt vare på. Men eg høyrde noko om at det ikkje brukte å vere slik til vanleg då.

Ein kvardagsleg debut

Sjølv om karrieren til Tenfjord verkeleg har skote fart den siste tida, har ho eigentleg ikkje bestemt seg for å satse på artistlivet.

I oppveksten dreiv ho med både korps, piano og song for gøy. På medisinstudiet møtte ho andre musikkinteresserte, og dei byrja å spele i band saman. Etter kvart gjekk det over til at artisten byrja å skrive sin eigen musikk.

Amanda Tenfjord blir inspirert kvardagen i musikken sin. Foto: Jonathan Vivaas Kise

– Eg har liksom aldri hatt eit vendepunkt der eg har sett meg ned og bestemt at eg skal satse på å drive med musikk, sjølv om det er det eg gjer no. Det skjedde berre, sakte men sikkert.

Som artist er ikkje Tenfjord så drøymande av seg. Det er kanskje difor det er livet og dei vanlege dagane som inspirerer ho mest.

Debutalbumet til Tenfjord kjem ut i oktober. Foto: Jonathan Vivaas Kise

– Albumet mitt vil handle om kjærleik og ulike stadium i eit forhold, det daglegdagse, forklarar ho.

Om alt går etter planen, kjem altså debutalbumet til Tenfjord ut i oktober. Alle songane er ferdige, og berre siste finpussen står att. Og i september kjem den første greskspråklege låten til Amanda Tenfjord ut. Denne månaden skal ho òg spele sin første konsert i Hellas.

– Det er kanskje lett å bli fokusert på det talmessige med å vere artist. Streams og sånt. Men å spele konsert i Hellas trur eg vil bli ei veldig spesiell oppleving.

Trass i at ho ikkje ser seg som spesielt drøymande, har Tenfjord likevel ein draum.

– Å spele ein eigen utseld konsert der folk kan songane mine og syng med, det hadde vore heilt fantastisk!


Les også: Resa Saffa Park syng Miley Cyrus i dusjen og drøymer om duett med Tony Bennett

Resa Saffa Park. Foto: Kristian Engelsen

Fakta

Namn: Amanda Klara Georgiadis Tenfjord

Alder: 25 år

Sivilstand: Sambuar

Vart fødd her: Ålesund sjukehus

Yrke: Lege og artist

Bil: Har ikkje

Hobby: Spele fotball

Noko ingen veit om deg: Eg er ein meister på å koke egg