Truleg først i verda med statleg klimamerke for mat
Danmark jobbar med å få til eit eige, statleg og frivillig klimamerke for mat.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Danmark skal sannsynlegvis bli det første landet i verda med eit statskontrollert klimamerke. Slik kan våre forbrukarar sjå CO2-påverknaden til matvarene dei kjøper, seier ministeren for mat, landbruk og fiskeri i Danmark, Rasmus Prehn, i ei pressemelding omtalt i avisa Nationen.
Rekne ut klimaavtrykk
Målet er at forbrukarane skal kunne ta grønare val. Innan 2022 skal ei arbeidsgruppe beståande av ulike verksemder foreslå ei metode for å rekne ut klimafotavtrykket til ulike matvarer.
Merkeordninga vil bli frivillig for produsentar og leverandørar sidan EU-reglar forhindrar at det kan vere obligatorisk. EU arbeider for tida med forslag til ei egen merkeordning. Den vil først vere klar i 2024.