«Skal vi verkeleg stå her som miljømoralistar og klage over Kongo?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nyleg kom nyheita om at Den demokratiske republikken Kongo skal opne oljefelt i regnskogen. Dette har blitt oppslag over heile verda. Vi ser ofte på regnskogen som eit symbol på ei verd i balanse, naturmangfald, og liv. I tillegg er det ein utgiftspost. Den norske stat har gitt mange milliardar i regnskogbistand. Kanskje er det difor det slår litt ekstra hardt.

Men her vi badar i olje, tykkjer eg at vi ikkje burde seie så mykje.

Ein forståeleg tragedie

Regnskogen lagrar meir CO₂ enn vanleg skog, og husar opp til 80 % av artane på jorda. Konsekvensane av øydelegging av regnskogen er artsdaud, tørke, skogbrannar, større temperaturauke, fattigdom, øydelegging av millionvis av menneskeliv som er direkte knytt til regnskogen (både urfolk og andre). Regnskogen er sentral i å stabilisere klima på jorda. Utan den, kan konsekvensane bli enorme.

Eg har drive snapchatkontoen «Miljoentusiast» i fire år. Eg er ikkje ein klimapositivist. Faktisk er eg berre ein av mange i statistikken over deprimert ungdom (ja, eg som har det så bra).

Og eg er einig med Greenpeace når dei seier: «Det er både tragisk og forståeleg når politikarar i Kongo kynisk bruker norsk oljeleiting som ei unnskyldning for sjølv å opne nye område.»

For det er forståeleg. Den som ikkje tykkjer det, hen vil ikkje forstå. Og det er lett å stå som nordmann og ikkje ville.

Å nei, ikkje den verneverdige naturen!

NRK skriv at dei tretti olje- og gassblokkane som skal auksjonerast ligg midt i verneverdig natur. Berre så vi har det klart: Eg er tilhengar av verneverdig natur.

Men Vestland Høgre vil gå igjennom dei freda vassdraga på ny, for eventuell kraftutbygging. Og store delar av Stortinget vil det same. Skånsam og usynleg miljørasering er visst in for tida.

Og taretråling, (som ifølgje forsking burde ha pausar på 8–10 år mellom kvart intervall, men i forskriftene har 5 år) fekk berre to års pause i Hortavær i Trøndelag, då trålesonene blei endra etter fylkessamanslåinga. Det er nemleg meir økonomisk å hauste oftare, enn å gje sona sju års pause, (som framleis er mindre enn det økosystemet treng for å stabilisere det biologiske mangfaldet). Delar av Hortavær er fuglefredings- og naturvernområde.

Tareskogen lagrar CO₂ og er viktig for havets økosystem, (men det ser vi jo ikkje, så då går det bra). Vi gjer mykje for den økonomiske gevinsten. Og kanskje er det nettopp difor Kongos val stikk djupt: Regnskogpengane vi har gitt har vore eit økonomisk offer frå vår side.

Og ikkje minst: Regjeringa deler framleis ut oljelisensar.

Trappa til inngangsdøra vår er full av olje og dobbeltmoral. Vi burde feie litt.

Kven skal fordømmast?

Ein venn av meg sa det slik: «Det handlar ikkje om at det er riktig eller ikkje å leite etter olje i regnskogen, men at begge to burde skjerpe seg.»

Og sjølv om dette kan vere ein litt barnleg og forenkla måte å sjå på eit komplisert tema, så tenkjer eg i alle fall at det er ei forbetring frå korleis mange nordmenn held seg til saka: «Uff, så fælt, nei, sånn kan dei ikkje halde på.»

Eg er heilt ueinig i det som skjer i Kongo no, men eg skjønar framleis konklusjonen om at viss rike Noreg kan få halde på, kvifor kan ikkje dei?

Det går an å vere imot oljeleiting både i Kongo og Noreg

Og ja, det går an å ha fleire tankar i hovudet samtidig. Det går an å vere imot oljeleiting både i Kongo og Noreg. Som meg. Men vi plar å bli litt stillare når det gjeld oss sjølv.

Det blei aggressivt stille frå regjeringa då NRK spurte om kva dei ville svare når kongolesiske myndigheiter brukar Noregs auka oljeproduksjon som eit argument for at fattige Kongo skal kunne auke også:

«Klima- og miljødepartementet og Espen Barth Eide har per no ingen ytterlegare kommentarar.»

Eg tykkjer det seier mykje om Noreg si haldning til klimasaka. Vi vil gjerne ikkje meine noko om dette.

Vi vil gjerne vere snillare med oss sjølv. Men er det i det heile rettferdig å fordømme like hardt?

Verstingen Noreg

Kor mykje skal dei svakast stilte ofre? Vi veit allereie at det ikkje er dei fattigaste som er klimaverstingane. I 2021 trong vi 3,4 jordklodar for å dekkje ein nordmanns forbruk. I 2022 er vi oppe på 3,6. Og Kongo? 0,4 jordklodar.

Eg har høgare forventning til velferdsstaten Noreg enn til Kongo.

Og sjølv som Miljoentusiast er eg nølande med å forvente for mykje av individet. Vi har ikkje uendeleg med påverknadskraft, og klimakrisa er heller ikkje individet si skuld. Men slik det no er, blir det vårt ansvar. Eg har høgare forventning til ein nordmann enn til ein kongolesar. Vi har betre moglegheiter til å tilpasse, justere, redusere,imo og omstille oss. Skal vi forvente at ein gjennomsnittsnordmann på 3,6 jordklodar reduserer forbruket, eller ein kongolesar på 0,4 jordklodar? Vi nyttar ni gongar så mykje ressursar som dei.

Kven skal vi be først om å ikkje auke oljeproduksjonen?

Miljømoralisten

Eg veit også at eg talar imot meg sjølv. Eg har ikkje sjekka, men eg kan her og no garantere at eg ikkje er under ein jordklode.

Men eg skulle ynskje at det kollektive Noreg – regjering, selskap, nordmenn som gruppe, kunne blitt med og stå framfor spegelen litt. Eller kanskje heller på ein båt ved «Great Pacific Garbage Patch», eller i ein klesfabrikk full av barnearbeidarar ein stad i Asia. Eller i eit ekstra fattig strøk i eit konfliktfylt Kongo.

Noreg er på topp fem over verdas rikaste land. Skal vi verkeleg stå her som miljømoralistar og klage over Kongo?

For dei sa det. «Vår prioritering er ikkje å redde verda,» sa talsmannen frå den kongolesiske regjeringa. Og korleis kan vi eigentleg vente det, når vi, dei rikaste, ikkje er villige til det?

Kven er vi til å rette peikefinger?

Kven er vi til å rette peikefinger mot eit land som prøver å komme seg ut av fattigdom? Kven er vi til å seie at Kongo må skjerpe seg? Kven er vi til å be Kongo om å ikkje auke utslepp? Og misforstå meg rett: Eg meiner ikkje at Kongo burde selje ut regnskog og produsere olje.

Men kanskje vi burde sjå oss sjølv litt i spegelen, og reflektere litt over kva slags menneske vi er for resten av verda. Vi er nokre av dei rikaste i verda. Vi har best føresetnad til å leie eit grønt skifte, og til å bidra til å reversere klimakrisa.

Nordmenn set ein standard, anten vi ynskjer det eller ikkje

Nordmenn set ein standard, anten vi ynskjer det eller ikkje. Eg har sagt det før, og Kongo seier det også no: Når Noreg ikkje er villige til, med alle sine moglegheiter, kvifor kan vi forvente at andre skal vere det?

Vi er ikkje betre enn det vi gjer oss til. Ikkje meir inspirerande enn vi går inn for å vere. Eg er ikkje imponert.

Nordmannen i spegelen

Kven er nordmannen i spegelen?

Ein dritsekk i dress er framleis ein dritsekk. Ein miljømoralist er den same.

Når skal Noreg gå i front som eit eksempel?


Har du noko på hjartet? Send eit tips eller eit innlegg til tips(a)framtida.no! 


Astrid Rem demonstrerer gjennom sivil ulydnad mot oljeleiting. Foto: Idun Osnes