Lange køar for å køyre opp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har vore lange køar for oppkøyring fleire stader. Situasjonen har normalisert seg etter pandemien på mindre stadar, men det er framleis stor pågang i dei store byane, ifølgje Statens vegvesen.

Det skriv NRK Rogaland.

– Statens vegvesen skuldar litt på korona enda, men det meiner eg dei ikkje kan gjere lenger, seier Synnøve Ekrene i Norges Trafikkskoleforbund.

Stet behovet for førarkort

Etterslepet etter ha stengt ned to månader i 2020, meiner Statens vegvesen dei tok fort igjen. Dei har òg auka kapasiteten og tilsett fleire sensorar og hatt mange førarprøver på overtid og helg.

Hovudårsaka til dei lange ventelistene skal vere at fleire har sett behovet for å ha førarkort.

– Folk har fått seg ein vekkjar og innser at førarkort kan vere viktig både i dagleglivet og på feire og fritid, seier Heidi-Kristin Herbst, seksjonssjef i Trafikant nord.

Auke på 19 prosent

Samanlikna med første halvår i 2019 har det i 2021 vore ein auke på 19 prosent nasjonalt for talet på førarkortprøver.

Herbst håper på betring snart. Siste del av dei nye sensorane vil kome i arbeid i haust.

Marcus Drabløs er 19 år og kjem frå Dalsfjorden. Han har jobba på krabbebåt, med fiskeoppdrett og er mykje i Ørsta både i helgene og vekedagane. Foto: Emilie Hansen