Kåring:

Desse kvinnene gir Nationen trua på distriktet

– Vanskeleg å avgrense lista, seier politisk redaktør i avisa.

Åshild Slåen
Publisert

MERK: Redaktøren i Framtida.no, Andrea Rygg Nøttveit, var med i juryen som valde ut dei fem i kåringa.

– Det som er så gøy, er at det var lett å finne så mange.

Det seier Anne Ekornholmen, politisk redaktør i avisa Nationen. Dei har nettopp publisert ei liste med 50 kvinner under 35 år som gir dei trua på distriktet. I tillegg har dei trekt fram fem av desse som gode representantar.

– Den lista på 50 kvinner kunne like gjerne hatt 80 namn. Det var ei større utfordring å avgrense utvalet, spesielt til fem personar, men dei vi har valt representerer essensen av dei 50.

Anne Ekornholmen er politisk redaktør i Nationen. | Foto: Privat

Dette er dei fem kvinnene dei har kåra spesielt:

Randi Sognnæs Aamot (1994)

Sognæs Aamot har slått seg ned i Balestrand og opna den private tannklinikken Baletann.

Ho er eit kjent fjes for dei som følgde NRK-serien «6899 til eg dør» og driv Balestrand hotell saman med kjærasten Per Áki Sigurdsson Kvikne.

Lene Cecilie Sparrok (1997)

I tillegg til å vere skodespelar, kjent frå filmen Sameblod frå 2017, er Sparrok også duojár, ein tradisjonell samisk handverkar, og reindriftsutøvar i Namsskogan i Trøndelag.

I fjor kunne ein også sjå Sparrok på teaterturne i både i Trøndelag og Nordland med førestillinga «Allaq – Dållen Gïele – Ildens stemme», som vart framført på både norsk og sørsamisk.

Karoline Sjødal Olsen (1992)

Sjødal Olsen starta selskapet Blue Lice saman med to andre då ho framleis skreiv masteroppgåva si i 2017. Året etter vart ho nominert til Innovasjon Norge sin pris for årets kvinnelege teknologigründer.

Selskapet hennar held til i Nærbø i Rogaland, og har som mål å bli kvitt lakselus på ein berekraftig måte. Dei har utvikla teknologi som kan fange lus på larvestadiet, før ho set seg på fisken.

Frida Klæbo Vonstad (1991)

Klæbo Vonstad er grunnleggjar av gruveselskapet The Coring Company, som har som mål å utvikle meir berekraftige metodar for å vinne ut mineral. Dei har nye teknologiske løysingar for analysere område der ein planlegg gruvedrift.

Ho starta selskapet i 2019, og sidan då har både ho og selskapet vunne fleire priser for innovasjon og gründerverksemd.

Eirin Trinterud (1991)

Trinterud er geitebonde i fjellbygda Leveld i Ål i Buskerud, der ho har mjølkeproduksjon.

Geitebonden har i tillegg vore fôringsrådgjevar for Felleskjøpet, og tek no over som fylkesleiar i Bondelaget i Buskerud.

Vurderinga av kandidatane

I kåringa tok juryen spesielt omsyn til:

  • engasjement
  • kompetanse
  • optimisme
  • positiv energi
  • offensiv haldning
  • skapartrong
  • driv
  • å vere synleg
  • ulike samfunnsområde
  • geografisk dekning
Juryen:
  • Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Noregs Bondelag
  • Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Norge
  • Silje Karine Muotka, Sametingspresident
  • Henrik Nordtun Gjertsen, styreleiar i Noregs Bygdeungdomslag
  • Andrea Rygg Nøttveit, redaktør for Framtida.no
  • Anne Ekornholmen, politisk redaktør i Nationen