Studentar køyrde gjennom Europa i heimelaga bil

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om 22 studentar kan designe og bygge eit fartøy som dette på eitt år, så er eg sikker på at selskap klarar det òg, seier Tijn ter Horst (22) til The Guardian, som er ei av fleire aviser som har omtala saka.

Han er ein av studentane som er har vore med på turen gjennom Europa. Det utradisjonelle framkomstmiddelet Stella Vita er ein campingbil som studentane har bygd sjølv.

Dei studerer ved det nederlandske Universitetet i Eindhoven, der dei fekk i oppgåve å laga ein bil som brukar energi frå sola.

– Teknologien er der, vi må berre endre måten vi tenkjer på, seier ter Horst til den britiske avisa.

Kan køyra lenger enn Bergen – Trondheim på fine dagar

Studentane tok fatt på den kring 3000 kilometer lange turen gjennom Europa den 19. september. Undervegs har dei tatt mange pausar for å fortelja om bilen, som har vekt internasjonal merksemd.

Foto: Bart van Overbeeke/Facebook @Solar Team Eindhoven

Dei har mellom anna kunna skryta av at taket på bilen er dekt med solceller, som skal samla og gi energi som skal nyttast til fleire formål. Først og fremst skal energien bidra til at bilen skal kunna røra seg, men han skal også gi kraft til tv, lys og anna som er å finna inne i campingbilen.

Ifølgje Aftenposten kallar studentane bilen «eit sjølvgåande hus på hjul».

På ein dag der det er skyfritt, skal campingbilen greia å flytta seg 720 kilometer. Det er faktisk lenger enn avstanden mellom Bergen og Trondheim! På ein overskya dag, kan han flytta seg om lag 600 kilometer.


Ingeborg Aadland (24) er grafisk designar, og skal no jobbe frå og bu i ein van. Foto: Privat