Innsjøane i verda krympar
Ei ny studie viser at både dei naturlege og kunstige innsjøane på jorda er i ferd med å bli reduserte, og at endringane skjer i ein urovekkjande fart.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar ved universitetet i Texas har analysert 1,4 millionar innsjøar verda over. Dei har mellom anna brukt satellittbilete som viser månadleg vasstap i åra mellom 1985–2018, skriv NRK.
– Resultata viser at innsjøane totalt fordampar 15,4 prosent meir vatn enn tidlegare estimat har vist, forklarer økolog Gang Zhao.
Høgare temperaturar og auka stråling frå sola gjer at himmelen slurpar i seg vassmolekyl som aldri før. Desse blir deretter spreidde ut i atmosfæren.
No håpar dei resultata kan bidra til betre forståing, og at alle som jobbar med dette kan bruke det nye datasettet dei har utvikla.
Anne Lyche Solheim er sjefforskar ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA). Ho seier auka fordamping i tørre område i verda byr på ei rekkje utfordringar.
– Det vil redusere vassvolumet i innsjøane og gjere dei meir sårbare for forureining. Dette kan skape problem for vassforsyning til jordbruk og befolkning. Særleg i utviklingsland, seier ho til NRK.