Musikkdagboka: Resa Saffa Park syng Miley Cyrus i dusjen og drøymer om duett med Tony Bennett

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.08.2022 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det må nok vere Billie Holiday for hennar historie var så sterk.

Musikar Resa Saffa Park fortel om kva artist ho helst ville stått fast saman med i ein heis. Valet hadde falle på jazzsongarinna som starta karrieren sin med å synge på nattklubbar i Harlem i New York, i ei tid der segregeringslover framleis var institusjonaliserte og lovfesta i USA.

Resa Saffa Park peikar på at Billie Holiday mellom anna måtte gå inn bakdøra gjennom kjøkenet for å kome inn på sine eigne konsertar:

– Og ho vart hetsa for å velje å synge Strange Fruit for eit kvitt publikum, som meinte at dei ikkje var komne for å høyre ein «sånn song», dei var komne for «underhaldning».

Om dei to stod fast i ein heis saman, ville Resa Saffa Park spurt Billie Holiday om livet.

– Ho var ei sterk kvinne som romma veldig mykje, men opplevde mykje motgang og det kan ein høyre i stemma og framføringa hennar. Eg trur den mest ærlege forma for musikk kjem gjennom menneske som ho, skriv artisten på e-post til Framtida.no.

Skodespelar og artist

Resa Saffa Park er artistnamnet til Theresa Frostad Eggesbø, som òg er kjend for mange som skodespelar. Ho har mellom anna spelt Sonja i SKAM og Saxa i Ragnarok.

Tidlegare i år sleppte artisten sin andre EP «Spaces».

Sjølv høyrer ho på musikk to-tre timar om dagen, og likar best jazz og alt-pop. Akkurat no har ho dilla på to låtar:

– BARAF/FAIRUZ av Karpe og Melody Noir av Patrick Watson.

Første album du kjøpte sjølv:

– Nirvana MTV Unplugged in New York

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

– Eg elska både Nirvana og Hannah Montana/Miley Cyrus, men eg synest framleis at dei tidlege albuma til Miley frå rundt 2008-2010 er driiiitbra, så eg står framleis inne for det.

Kva syng du i dusjen?

– Fly On The Wall av Miley Cyrus.

Favorittband/artist:

– Joy Crookes, Tamino, Billie Holiday, Lana Del Rey, The KTNA, Parcels og Nirvana.

Favorittlåt:

– Mean it in The Morning av Loyle Carner og I’ll Be Seeing You av Billie Holiday.

Verdas beste kjærleikslåt:

– I’ll Be Seeing You av Billie Holiday for den snakkar så hjarteskjerande om kjensla av å sjå sin kjære i alt av menneske og natur.

Beste treningslåt:

– W.T.P av Eminem.

Guilty pleasure:

– Av ein eller annan grunn elskar eg Lose You To Love Me av Selena Gomez.

Verdas mest undervurderte band/musikar:

– Blaue Blume. Dansk psykedelisk nesten elektronisk indie rock band som er heilt latterleg flinke og har eit veldig unikt sound med fine melodiar, og vokalisten er heilt vanvitig flink med veldig særeigen stemme.

Di største konsertoppleving:

– Blaue Blume på Roskilde i 2014, og seinare same band på Vega i København i 2020.

Kven er din draume-duettpartnar, og kva låt skulle de teke?

– Hadde vore ein draum å synge duett med Tony Bennett. Då skulle vi sunge Cheek to Cheek.

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

– All of Me framført av Billie Holiday, Smells Like Teen Spirit av Nirvana, 505 av Arctic Monkeys eller Norman Fucking Rockwell av Lana Del Rey.

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

– You Go To My Head av Billie Holiday!

Kva låt vil du ha i gravferda di?

– I’ll Be Seeing You av Billie Holiday og Mean It In The Morning av Loyle Carner.

Kva er tidenes sommarlåt?

– Det må jo for oss nordmenn vere Neste Sommer av delillos <3


Glad: – Når eg er ordentleg glad finst det ikkje noko betre for meg enn å høyre på gladjazz og jazz og klassikarar som Mel Torme, Frank Sinatra, Billie Holiday, Ella Fitzgerald og Peggy Lee.

Lei meg: – Når eg er lei meg finn eg også veldig mykje trøyst hos jazz-songarar og musikarar som Billie Holiday og Chet Baker, men eg kan også sette veldig pris på alt mogeleg av klassisk piano, og folk som Marika Hackman og Laura Marling når eg har ein trist dag.

Sint: – Eg finn overraskande mykje tilfredsstilling i upbeat musikk når eg er sint, mykje meir enn når eg er glad. Eg høyrde veldig mykje på alt av Lily Allen sitt It’s not me, it’s you-album sist eg var forbanna. 🙂

Treng ein sjølvtillitsboost: – When I’m Alone av Lissie.


Les også: Bendik grin av Spice Girls og synest Queen er oppskrytt

Bendik. Foto: Ole Martin Halvorsen/Presse