brenn. + Kjartan Lauritzen = <3

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2020 skreiv Kjartan Lauritzen på Twitter at han ville vere med i rockeduoen brenn.

Artisten fortel at han har spelt både trommar og gitar i håp om å få headbange i eit metallband, og at han drøymde om å bli rockestjerne då han var liten.

– brenn. er på ein måte alt det eg ønskte å bli. I tillegg relaterer eg til uttrykket deira, humoren deira og musikken. Digger!!!, seier Kjartan Lauritzen på sms til Framtida.

Lata som dei var frå Lillehammer

brenn. er ein norsk rockeduo beståande av Edvard Smith Save (25) og Rémy Malchère (25) Pettersen.

Duoen blei starta i 2017 og vann i 2019 Spellemannspris i klassen rock. I januar slapp dei sitt andre album «Vandrer på solskinn».

i 2019 fekk brenn., både NOPA – stipend, vann spellemannspris og blei nominert til årets liveartist på P3 Gull. No har dei slept sitt andre album. Foto: Isak Jensen

På internett står det at rockeduoen er frå Lillehammer og Lillestrøm, men trommis Rémy Malchère avslørar at det eigentleg ikkje er sant, berre litt. Dei møttest eigentleg på Lillestrøm vidaregåande skule, og studerte saman i Lillehammer.

– Då vi starta brenn. lata vi som om vi var frå Lillehammer for å vere litt meir eksotiske og kule. Vi ville hamne på ein lillehammerkvote innan musikk-Noreg. Vi syntest det høyrdes litt kulare ut å vere eit lillehammerband, enn eit osloband. Derfor skreiv vi overalt at vi var frå Lillehammer, seier trommis Rémy Malchère på telefon til Framtida.

Etter twittermeldinga til Kjartan Lauritzen begynte artistane å sende meldingar til kvarandre, for å prøve å få til eit samarbeid. Det tok over eit år med internettflørting før artistane endeleg møttest.

– Vi sende over eit utkast av låten til Kjartan Lauritzen for å sjå om han kunne skrive noko på det. Så sende han tilbake eit taleopptak som var dritfett. Så då stakk vi i studio saman, seier Malchère.

Les også: Tine er ein av få profesjonelle cosplayarar i Noreg

Popkulturelle referansar og homoerotikk

Resultatet av samarbeidet med Kjartan Lauritzen blei låten Du lar meg henge, men og ein japanskispirert video med filmreferansar laga av Elliot Houwing Endresen.

Sjå videoen her:

Trommis Rémy Malchère seier at låten handlar om å bli brukt i eit forhold. Videoen er laga av Elliot Houwing Endresen (25), som er ein kompis av Edvard.

Elliot brukte to månader på å lage videoen, som han har teikna med frihand. På førehand hadde han teke video av brenn. og Kjartan Lauritzen, som han såg på mens han teikna.

I videoen har han brukt popkulturelle referansar og strekk frå kjente filmar.

– Opninga har eg lånt frå Goodfellas. Det er ein av favorittfilmane mine, forklarar regissøren og held fram:

– Eg brukte også Marilyn Monroe som inspirasjon til Rémy sin karakter, og scena i spegelen med Kjartan Lauritzen lånte eg frå La Haine. Kanskje ein også finn nokre fleire referansar om ein leitar litt, men det er for spesielt interesserte, seier han løyndomsfullt.

Kjartan Lauritzen lurer på om Elliot kanskje kan ha brukt noko frå 8 mile eller Moulin Rouge? Han seier også at han har fått masse meldingar av folk som synest videoen er «Driiiitmat».

– Det eg liker best med videoen er kuken på spegelen, og når Edvard lar hånda bevege seg som ei bølge ut av bilvindauget + at skiltet på bilen er BÅNN GASS, seier Kjartan Lauritzen.

– Klining er digg!

I videoen er det også ei scene med homoerotiske toner der bandmedlemmane i brenn. klinar. Trommis Rémy Malchère fortel at dette berre er på gøy:

– Vi har vel eigentleg berre ein greie med klining i bandet. Det har vore litt klining under gitarsoloar og sånn når vi har hatt konsertar, fortel han og held fram:

– Eg veit eigentleg ikkje kvifor, men vi synest det er gøy. Vi gjorde det også på eit singelcover i 2017 for låten «1 Relasjon». Men då var det vel eg som klina med med sjølv, seier Malchère.

Kjartan Lauritzen seier at han synest klining generelt er jævlig digg.

– Klininga i videoen er både tidi, deilig og sexy!, seier 27 – åringen.

Framover skal både brenn. og Kjartan Lauritzen spele på festivalar gjennom sommaren. Og kanskje kline litt.


Les også: Iman Meskini på prestisjetung Forbes-liste