Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 28.06.2022 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er ikkje nøgd med dei lovene og rettane vi skeive har i dag, men eg har heller inga forventning om endring, fortel Livia Pignatti (20) til Framtida over telefon.

Livia Pignatti studerer kulturell og språkleg formidling i Venezia, og er bifil. Studenten følar seg generelt trygg som skeiv i Italia, men meiner ho er privilegert i forhold til mange andre skeive. Ho har ikkje opplevd å bli diskriminert eller trakassert på grunn av si legning.

– Om noko skulle skje meg fordi eg er skeiv kan eg gå til politiet, men om den som har trakassert meg blir straffa, så blir ikkje personen straffa for hatkriminalitet, forklarar Pignatti.

Les også: Språkrådet har vedteke å ta «hen» inn i ordbøkene

Nytt lovforslag

Ifølgje Statista fekk politiet i 2020 rapportar om 71 tilfelle av hatkriminalitet mot LGBTQIA+ personar. Blant desse var det eit drap, og 19 tilfelle av fysiske overgrep. Ifølgje ARCIGAY kan ein lese om hatkriminalitet mot LGBTQIA+ personar kvar tredje dag i Italia.

Filippo Rinaldi (21) har valt å ha den seksuelle legninga si i bioen på sine sosiale medie-kanalar for å filtrere ut folk som ikkje ønskjer å ha noko med han å gjere. Han vil heller filtrere det der, enn å fortelje det til folk ansikt til ansikt. Foto: Privat

– Det skjer ofte hatkriminalitet mot skeive i Italia, men det er ingen lover som beskyttar skeive liv no, seier Filippo Rinaldi (21) i ein telefonsamtale med Framtida.

Rinaldi studerer anvendt matematikk i Milano, og identifiserer seg som skeiv eller ikkje-hetero, men kan også identifisere seg som noko i mellom panseksuell og aseksuell. Matematikkstudenten blir redd av å lese avisa og synest det er best å ikkje tenke for mykje på det som skjer mot skeive i dagens Italia

– Politikken i Italia er ikkje så bra for oss skeive. DDL-Zan ville ha lagt til dei skeive under lova for hatkriminalitet, altså på bakgrunn av kjønnsidentitet og seksuell legning, seier Rinaldi.

Kva er DDL-Zan?

Parlamentsmedlem, Alessandro Zan, fremma eit forslag om å definere vald basert på seksuell legning, eller kjønnsidentitet, som hatkriminalitet.

Forslaget som vert kalla DDL – Zan er ei utviding av ei allereie eksisterande lov, som definerer vald basert på  religiøs tilhøyrsle, politisk ståstad, og etnisitet, som hatkriminalitet. Brot på lova kan straffast med samfunnsteneste eller fengsel i inntil fire år.

Lovforslaget kalla DDL – Zan, inkluderte også vald mot funksjonshemma. Forslaget fekk fyrst fleirtal i parlamentet i november 2020, men fekk ikkjefleirtal i senatet året etter, ifølgje The Guardian.

Lovforslaget vart tatt opp for diskusjon igjen april 2022, og resultatet vert klart mars 2023.

No håpar Rinaldi på at ein skal få gjennomslag for DDL-Zan, sidan ein har begynt å diskutere lovforslaget på nytt att.

Les også: Dette betyr dei ulike regnbogeflagga

Politikken er påverka av Vatikanet

Heller ikkje Eugenio Schirone (21) er fornøgd med rettane skeive i Italia har i dag, ettersom dei ikkje vernar om alle som dei burde, og håpar derfor på endring.

Schirone studerer kunsthistorie i Venezia, og er homofil. Studenten trur nærleiken til Vatikanet, og den påverknaden Vatikanstaten har over den italienske politikken, er grunnen til at skeive i Italia har så få rettar.

Eugenio Schirone (21) hadde ei god oppleving då han deltok på sin fyrste pride i fjor i Milano. 21-åringen vil ikkje snakka på vegner av alle, men kjenner seg trygg i samfunnet og har ikkje opplevd å verte diskriminert på bakgrunn av legninga. Foto: Privat

– Det er ikkje lenger eit sterkt band mellom kyrkja og kvardagen til folk flest, men Vatikanet påverkar framleis politikken i Italia, fortel Schirone til Framtida over WhatsApp.

Pinatti er einig med Schirone. Ho tenkjer at religionen har mindre og mindre betydning i liva til folk flest, men at den likevel påverkar korleis skeive blir oppfatta, og kva rettar dei har. Studenten meiner at det ikkje er religionen direkte som gjer dette, men at kristendommen har vorte tatt opp i den italienske kulturen, og dermed indirekte påverkar korleis folk tenker.

– Om ein person på min alder er homofob, så er ikkje det fordi han har eit sterkt band til den katolske kyrkja, men fordi han har arva tankar og haldningar frå sine foreldre, som foreldra hans har arva frå sine foreldre igjen, og dei har fått mange av sine tankar og haldningar frå kyrkja, forklarar Pinatti.

Dårleg representasjon

Rinaldi tenkjer at religion definitivt er noko av det som påverkar kva rettar og moglegheiter ein har som skeiv i Italia i dag, men at dette ikkje er heile forklaringa. Han trur dårleg representasjon i parlamentet har mykje å seie.

Snittalderen på politikarane i det italienske senatet var 56 år i september 2021.

– Slik eg ser det representerer ikkje parlamentet folket. Det er fullt av hetero cis menn i 60–70 åra. Desse kan ikkje så mykje om LGBTQIA+, og dei høyrer ikkje på oss som faktisk er skeive, seier Rinaldi.

Ifølgje 21-åringen er ein konservativ mentalitet er utbreidd. Dette inneber ifølgje Rinaldi at italienarar fryktar nye progressive ting, og korleis dette påverkar barn og utdanninga deira. Han meiner at det store generasjonsskillet i politikken fører til dårleg representasjon av kva det italienske folket meiner.

Brot med kjønnsroller skaper forvirring

Både religion og dårleg representasjon påverkar skeive sine liv i dagens Italia. Ein annan faktor studentane i 20-åra trekk fram er kjønnsroller.

Pinatti meiner at kjønnsrollene påverkar korleis dei skeive blir oppfatta, ettersom dei tradisjonelle kjønnsrollene har sett seg fast i hovudet på mange, også unge, i landet.

– Sidan skeive ikkje passar inn i desse tradisjonelle kjønnsrollene skapar det ei forstyrring, og fører til forvirring for folk. Det er mange som ikkje likar dette, som ikkje aksepterer dette, og som ikkje forstår dette sjølv om dei kanskje prøvar, forklarar Pinatti.

Rinaldi er einig i at dei tradisjonelle kjønnsrollene påverkar folk sine tankar og haldningar.

– Haldningane til folk kjem an på omgivnadane, men det å snakke om at ein er skeiv er framleis rart, folk forventar det ikkje, og så krasjar det med forventningane om det å vere mann og kvinne, fortel Rinaldi.

Livia Pignatti (20) har opplevd kor sterkt dei tradisjonelle kjønnsrollene sit hos folk. Ho har høyrt fleire gongar at ho kjem til å bli ei god mor, men sjølv ønskjer ho ikkje å få barn.

Skeivt universitetsmiljø

Livia Pignatti synast det var vanskeleg å vere seg sjølv på vidaregåande, men dette snudde om når ho kom på universitetet. Der fann ho folk ho hadde meir til felles med.

– No er 85 prosent av vennegruppa mi på universitetet skeive. Dette vart eit fint skrifte for meg, forklarar Pinatti.

For Rinaldi vart universitetet den verste staden. Han er lei av at folk gjer seg opp ei meining om kven han er og korleis han har det, og han saknar ein stad der skeive kan møtast og prate med kvarandre. Heller ikkje familien hans har forstått kva det vil seie å vere skeiv, sjølv om han har prøvd å forklare det til dei.

– Dei har ikkje kunnskap om dette, så for min del er det mindre stressande å ikkje snakke om det heime, seier Rinaldi.

Italienske Filippo Rinaldi (21) er ikkje nøgd med lovgjevinga på LHBT+-området. Foto: Privat

Endring: Bevisstheit, openheit, og kunnskap

Sjølv om dei tre ungdommane har ulike erfaringar, er dei alle einige i at dei ønskjer endring. Rinaldi tenkjer at det viktigaste no er å skape meir openheit rundt temaet, og å gi folk kunnskap slik det å vere skeiv ikkje held framå vere tabu i Italia.

– Ein må snakke meir om det å vere skeiv i skulen, frå barneskulen av, sjølvsagt på ein måte som er tilpassa for alderen. Dette fordi skulen formar dei neste generasjonane, seier Rinaldi.

Studenten frå Milan hadde også tatt vekk mykje av byråkratiet når det kjem til kjønnsbytte, adopsjon for skeive par, og giftarmål.

Italia opna for likekjønna partnerskap i 2016, men let framleis ikkje likekjønna par gifte seg på lik linje med heterofile par.

Schirone er einig med Rinaldi. Han tenkjer skulen er ein viktig aktør i å skape meir openheit rundt LGBTQIA+.

– For at skulen skal verte meir inkluderande treng ein ei politisk og institusjonell endring, legg Schirone til.

Om det var opp til studentane ville det i alle fall ha vore lover i landet som beskytta skeive liv.

– Om det var opp til meg så hadde eg laga lover som beskytta alle minoritetane. Og eg hadde gjort slik at lovbrot utført mot skeive personar ville ha vorte strengare straffa, at det hadde vorte straffa som hatkriminalitet, seier Pignatti.


– På ein måte var målet med meiningsinnlegget og artiklane at personar i kajakkmiljøet skulle bry seg, og skulle gidde å legge ned arbeidet som krevst for å vere inkluderande på ekte. Men det har ikkje hendt. Det er ganske trist.
Foto: Justine Salvaro