Forslag om forbod mot konverteringsterapi: – Eit steg mot eit friare og meir inkluderande Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ein dag eg har gledd meg lenge til. I dag tek vi eit stort, nytt og viktig steg mot eit friare og meir inkluderande Noreg. Dette er eit forbod som vil endre folks liv, og som vil forhindre at folk i framtida blir utsett for overgrep, sa kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Lovforbodet skal takast inn i straffelova. Strafferamma for å utføre konverteringsterapi blir foreslått å vere bøter eller fengsel i inntil tre år, medan strafferamma vil vere seks år dersom handlinga har medført betydeleg psykisk skade.

– Vi veit at skeive har dårlegare levekår enn andre. Dei møter fordommar, diskriminering og hatkriminalitet. Konverteringsterapi er ein skadeleg praksis der nokon metodisk og med overlegg prøver å endre andre menneske på grunn av kven dei er og kven dei elskar. Det ønskjer vi å forby, seier Trettebergstuen.

Forbode å reklamere

Dersom forslaget blir vedteke, vil det bli forbode å marknadsføre metodar som har mål om å endre, fornekte eller undertrykkje folks seksuelle orientering eller kjønnsidentitet.

– Det bør vere sjølvsagt at eit forbod mot konverteringsterapi også må innebere at aktørar ikkje skal kunne reklamere for dette. Det er ei krenking i seg sjølv å få sånne førespurnader. Eit marknadsføringsforbod er ein føresetnad for eit effektivt forbod mot konverteringsterapi, seier kultur- og likestillingsministeren.

Eit slikt brot på marknadsføringsforbodet vil føre til bøter eller fengselsstraffer på inntil seks månader.

Kritisk til tidlegare forslag

Solberg-regjeringa sende i juli 2021 eit forslag om lovregulering av konverteringsterapi på høyring. Både SV og MDG var kritiske til forslaget. Trettebergstuen meinte forslaget ikkje gjekk langt nok.

– Den førre regjeringa gjorde ikkje jobben. Dei la fram eit altfor dårleg lovutkast, og det omhandla ikkje forbod mot marknadsføring. Det vil eg ha, vi vil ha ei lov som går lenger for å sikre at det blir forbode å krenkje folks menneskerettar på denne måten, sa Trettebergstuen til Dagbladet tidlegare i år.

Konverteringsterapi, også kjent som homoterapi, er ei svært omstridd behandling med mål om å endre den seksuelle orienteringa eller kjønnsidentiteten til ein person.

Bufdir jobbar med ei kartlegging av konverteringsterapi i Noreg. Den skal vere klar sommaren 2023, men regjeringa har allereie varsla at dei ikkje vil vente på denne før dei innfører eit forbod mot praksisen.


Les også skrivekonkurranseinnlegget: Homoterapi og no homo: «Kjærleik er for alle, eller?»

Signe Bergli (15) fekk andreplass i skrivekonkurransen om menneskerettar og LHBT+. Foto: Jason Leung/Unsplash, Privat. Kollasj; Framtida.no