Dagny Backer Johnsen
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det beste med å jobbe som brannmann er spenninga med å ikkje vite kva som skal skje når du kjem på jobb. Alt kan skje, og det kan gå både bra og dårleg.

Brannmann – draumen

Ei veke på brannstasjon under arbeidsveka på ungdomsskulen gav Tommy Andersen (34) meirsmak på brannmannsyrket.

Før dette kan han ikkje hugse at yrket var noko han drøymde om. Men dette vegvalet var heller ikkje heilt tilfeldig. Pappaen hans er også brannmann, og under førstegangstjenesta kom han inn på eit brannkurs i luftforsvaret.

– Eg blei brannmann gjennom militæret. Etter førstegangstjenesta blei eg verva til å jobbe på brannstasjonen i Bardufoss. Gjennom dei, fekk eg grunnkurs på Noregs brannskule. Etter det søkte eg jobb i Oslo, og fekk jobb som brannkonstabel.

No har han jobba som brannmann i tolv år.

Tommy i ein overflateredningsdrakt som dei bruker til å redde folk som held på å drukne. Foto: Privat

Han fortel om ein variert arbeidskvardag, med action og godt samhald mellom kollegaer.

– Vi har det veldig kjekt saman. Det er noko av det aller beste med jobben. Vi jobbar i eit fast lag, lever oppå kvarandre og er tett knytta. Vi øver, trener og et og gjer alt mogeleg saman.

Les også: Yrket mitt: Åse (27) er billakkerar – og var inspirasjonen til Hege i Rådebank

Uttrykking og sterke augeblikk

– Å vere brannmann handlar mykje om å vere klar om det blir utrykking.

Ein vanleg vakt på jobben startar med vaktskifte. Då gjer dei bilen klar, og legg personleg utstyr på plassen dei skal sitte den dagen. Etter det har dei ein øving av noko slag – enten teoretisk eller fysisk. Og så har dei gym. Då speler dei innebandy, volleyball eller løfter vekter.

– Ein stor del av jobben er å halde seg i form, seier Tommy

Gjennom veka fordeler dei også stasjonsvakter. Då tel dei utstyr, og skjekker at alt fungerer som det skal. På fredagar vasker dei alle bilane.

– Det er jo når det blir utrykking det blir spennande. Då kjem det eit signal som vi må køyre på.

Som regel går det bra, men nokon dagar er også vanskelegare enn andre. Det tøffaste med jobben er å vere i kontakt med pårørande når det først har gått gale.

– Noko av det sterkaste eg har opplevd var ein ung gut som gjorde ein utruleg jobb for kompisen som var hardt skada etter ei ulykke. Han hjelpte kompisen med å halde seg roleg heilt til han fekk hjelp. Etter det falt han heilt saman fordi han hadde brukt alt han hadde av krefter til å hjelpe kompisen sin. Det var veldig imponerande og veldig sterkt.

– Draumen vidare er å fortsette som brannmann. Eg er fornøgd. Det finst jo leiarstillingar og sånn, men det har eg ikkje begynt å tenke på enno, seier brannmannen.

Vegen til yrket

For å bli brannmann treng du to forskjellige kurs. Eit aspirantkurs og eit grunnkurs gjennom Noregs brannskule. For å få desse kursa må du først ha fått ein jobb i brannvesenet.

– Yrket passar for mange forskjellige type personar. Du må funke i eit lag og vere god å samarbeide. Du må også tole å jobbe tett på andre som du ikkje vel sjølv.

Det er også greitt med litt praktiske kunnskapar seier Andersen før han fortsett:

– Om du er heilt ukjend med kva ein skrutrekkar er, og ikkje forstår det om nokon forklarar det til deg, så er ikkje dette yrket for deg. Men det meste går an å lære seg.


Tommys fire tips for å bli brannmann:

1: Alle jobbar og tidlegare livserfaring kjem godt med i dette yrket. Som brannmann opplever ein mykje, og det er greitt å ha litt i sekken frå før.

2: Det er mange om beinet, så då lønnar det seg å ha litt kurs og papir. Alt du kan tenke deg som kan vere relevant, utanom brannkurs. Om det er mogeleg for deg å ta lastebillappen er det fint, men det er jo eit dyrt sertifikat å ta om du ikkje skal bruke det til noko anna enn å bli brannmann.

3: For meg var forsvaret er ein veldig god veg inn, og det trur eg at det er for alle uansett kva retning du vil gå. Ein får mange erfaringar i løpet av eit år der, og det finst mange gode kurs ein kan ta. Det vil eg absolutt anbefale.

4: Du må ikkje gi opp om du ikkje kjem inn på første forsøk. Det er mange som søker mange gonger før dei får jobb!


Les også: Yrket mitt: Erik Alfred er oppfinnar: – Det å skapa noko er magisk

Då Erik Alfred starte med oppfinningar som barn, ville han skape ut av søppel: – No har eg innsett at et var lurt med nytt, men ein treng ikkje så mykje. Eg pleier å seia at søppel er gratis, men det er slik at noko faktisk er søppel. Foto: Colin Eick