Unge må belage seg på å vere lenger i jobb
Unge i dag må førebu seg på eit lengre arbeidsliv enn mange av dagens pensjonistar. Pensjonistutvalet foreslår å auke pensjonsalderen med tre og eit halvt år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Unge som er fødde på 90-talet må rekne med å jobbe til dei er 70 og eit halvt år, seier utvalsleiar og Schibsted-direktør Kristin Skogen Lund til NRK.
Ho foreslår også å auke nedre aldersgrense frå 62 år til 65 og eit halvt år.
Stor utgiftspost
Årsaka er at norske styresmakters økonomiske handlingsrom sannsynlegvis vil bli vesentleg mindre i kommande år. Derfor vil staten vere avhengig av auka inntekter eller reduserte utgifter. Og ein av dei største utgiftspostane på statsbudsjettet er pensjonen.
Torsdag presenterer Pensjonsutvalet rapporten sin. Dei vart bedne om å evaluere pensjonsreforma frå 2011 som skulle sikre at staten kan betale for pensjon gjennom folketrygda også i framtida, når talet på pensjonistar aukar og folk lever lenger.
Pensjonsutvalet vil auke dagens pensjonsalderen som er på 67 år. Lund seier at endringa må skje over tid.