Ein av fire unge trur verda kjem til å løyse klimakrisa

Eitt av fire barn og unge trur at verda kjem til å løyse klima- og miljøproblema.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre 14 prosent meiner politikarane gjer nok, ifølgje ei undersøking.

Pessimismen aukar dessutan med alderen. Fire av fem ungdommar i alderen 16 til 19 år trur ikkje verda vil klare å løyse klimakrisa, og det er særleg jenter som tviler.

Det viser ei undersøking frå Opinion gjennomført på vegner av Redd Barna og Miljøagentene. 1.039 barn og unge i alderen 8 til 19 år deltok i undersøkinga.

– Vi ser at barn og unge er engasjerte og villige til å strekkje seg langt for å løyse klimautfordringane. Mange meiner at både skulen, venner og familie gjer nok for å ta vare på klimaet, men at det er innsatsen frå styresmaktene som manglar, seier generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna i ei pressemelding.

Over halvparten seier dei er villige til å forandre på ting i livet sitt for å ta omsyn til klima og miljø.

Undersøkinga viser også at det ikkje er deira eiga framtid barn og unge er mest bekymra for: 2 av 3 svarer at dei bekymrar seg mest for framtida til barn og unge i andre land.


Biletet er teke under oppryddinga på Haiti etter orkanen Matthew, som råka øystaten i . Foto: UN Photo/Logan Abassi