«Aseksualitet er ei seksuell legning på lik line med homofile, bifile og heterofile»

Avalon Franksdatter
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg er aseksuell. For meg betyr dette at eg ikkje har interesse av å ha sex med nokon, korkje menn eller kvinner. Ingen.

Aseksualitet er ei seksuell legning på lik line med homofile, bifile og heterofile, og me er anslått til å utgjere ca. ein prosent av befolkninga. Det er ikkje så komplisert å forstå; der andre har tiltrekking til eitt eller fleire kjønn, er me tiltrekt til ingen kjønn.

Mange eg kjenner meiner at A-en i LHBTQIA står for «allierte»

Men framleis er me marginaliserte, ikkje berre i samfunnet generelt, men ofte òg i skeive miljø. Mange eg kjenner meiner at A-en i LHBTQIA står for «allierte». På Bergen Pride var det mange rørande talar som snakka opent om homofile, bifile, transpersonar, ikkje-binære, men ikkje ein einaste tale nemnde aseksuelle, trass i kor mange av oss som stolt vifta med flagget i folkemengda. Sjølv om fellesskapet var vakkert, kjente eg meg litt gløymd.

Framand i Pride

Eg har aldri kjent meg heilt heime på Pride. For meg har det alltid kjentest som ei feiring av seksualitet, av kjærleik, av fridommen til å gjere kva ein vil. Dette er viktig for mange, men for meg har fridomen til å avstå frå seksualitet og kjærleik vore ein like hard kamp.

Då eg var fjorten fann eg for fyrste gong ein artikkel om aseksualitet på nettet, og eg tenkte med ein gong at det var det eg var. Eg viste det til mor mi og fekk beskjed om å slutte å tulle. «Alle finn nokon». Eg tenkte fyrst at ho berre ikkje skjønte det, men uansett kven eg tok det opp med, sjølv i progressive og skeive miljø, fekk eg same svar. «Nei då! Alle finn nokon til slutt! Du må berre møte rett person! Du er berre sein i utviklinga! Har du gått til legen med det? Et ein østers.»

«Aseksualitet behandling»

Eg prøvde å finne rett person. Sjølv om eg inst inne kunne dette ordet, brukte eg tenåra på å tvinge meg gjennom mykje sex eg ikkje ville ha. Eg møtte menn og kvinner som eg syntest var attraktive, som eg var forelska i og ville vere saman med. Likevel var sex med dei like freistande som å drikke eit glas sur mjølk. Og innimellom googla eg ordet aseksuell. Det fyrste forslaget som kom opp var «aseksualitet behandling».

Til slutt klarte eg å hikste fram til kjærasten min at eg var aseksuell

Eg fekk behandling. Mange tenker på behandling for seksuelle legningar som noko gammalt og utgått, men for aseksuelle er det høgst aktuelt. Eg kom til gynekolog og sexolog, eg fekk pusteøvingar, eg fekk bedøvande kremar til underlivet, og eg fekk beskjed om å berre øve.

Eg øvde til eg knakk saman, bokstaveleg talt. Ein dag, åtte år etter at eg fyrst høyrde ordet aseksuell, sat eg på soveromsgolvet og skreik. Nei, ikkje igjen, aldri meir! Eg var utrøysteleg i timevis og til slutt klarte eg å hikste fram til kjærasten min at eg var aseksuell. Han var ikkje overraska, han tok det heilt fint. Sex hadde vore eit mykje meir altoppslukande tema for meg enn for han.

Forventningar om sex

For sex er overalt. Me lever i eit samfunn som forventar at alle vaksne har, eller ynskjer å ha, eit sexliv. Og når denne tingen manglar så blir det heilt altoppslukande. Kva er det som er så gale med meg, at denne grunnleggande delen av å vere menneske berre ikkje er ein del av livet mitt?

Eg har det mykje betre etter å ha akseptert legninga mi

Eg har det mykje betre etter å ha akseptert legninga mi. Ei stor byrd er lyfta av skuldrene mine, og kvar dag er eg lykkeleg over at eg aldri skal ha sex eg ikkje vil ha igjen. Men kampen er enno ikkje over. Dei fleste i livet mitt slenger framleis ut dei same spådommane, om at ein dag skjer det. Eg må berre prøve! Sleppe meg laus! Ete østers! Då eg sa til fastlegen at eg var aseksuell, var det fyrste han spurte om eg hadde søkt noko behandling. Eg er blitt vand til at folks reaksjon ofte er; «Nei, så leit. Er det noko å gjere med det?».

Så sjølv om årets Pride stort sett var ein hyggeleg fest, så minte han meg også på at Pride fyrst og fremst er ein protest og at me framleis har ein lang veg å gå.


Foto: Ingvild Eide Leirfall, Ingeborg Bjerke Styve, Ahmed Umar. Xheni Karaj.