Raud Ungdom vil ha køyreopplæring inn i skulen
Ungdomspartiet vil at unge skal kunne ta førarkortet som valfag – gratis.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er sjukt mange som treng lappen, og han er svindyr å ta i dag, seier Alberte Bekkhus, leiar i Raud Ungdom, til VG.
Raud Ungdom vil at køyreopplæringa skal inn i skulen som valfag – heile løpet frå trafikalt grunnkurs til førarprøven. I praksis vil det då verte gratis å ta lappen.
Bekkhus meiner at tiltaket er viktig for å redusere dei økonomiske og geografiske skilnadene i samfunnet. Ho viser til at mange unge har behov for lappen for å komme seg i jobb, eller som lærling.
Bør køyreopplæringa inn i skulen som valfag?
Bør køyreopplæringa inn i skulen som valfag?
– Ikkje alle unge har råd til å ta lappen i dag, og mange stader i landet er ein avhengig av bil, seier ho til VG.
Bekkhus ser for seg at dei vidaregåande skulane samarbeidar med dagens trafikkskular. Ho håpar no å få moderpartiet Raudt med på laget.
Ønsker fråvær-endring
VG skreiv førre veke at Senterungdom-leiar Torleik Svelle og Sp-politikar Maren Grøthe meiner at oppkøyring bør gi gyldig fråvær.
– Det gir ikkje meining at dette ikkje er gyldig fråvær med dagens fråværsgrense, seier Svelle til VG.
Dei to viser til at unge som skal ut i jobb som elektrikar eller heimesjukepleiar når dei er 18, har behov for bil og førarkort.