– Førarkort med automatgir held for dei aller fleste! Om du veit at du mest sannsynleg skal køyre ein bil med automatgir, vel automat også på trafikkskulen, seier Øyvind Årbogen i ei pressemelding.
Han er seniorrådgjevar opplæring i Norges Trafikkskoleforbund. Årbogen peikar stadig færre har bruk for førarkort med manuell giring, då elbilar og andre moderne bilar er automatiske.
Regjeringa har òg som mål at alle nye køyretøy innan 2025 skal vere atumatgira nullutsleppskøyretøy.
Fleire stryk på automatlappen
Endå stadig fleire tek førarprøve med automatgir, så er det framleis store regionale forskjellar.
Oslo peikar seg ut med flest automatgir-sjåførar. Der har talet som tek automatlappen auka frå 32 prosent i 2018 til heile 65 prosent i 2021.
I Viken i 2021 tok 51 prosent førarkort med automatgir, opp frå 26 prosent i 2018.
Fylka med lågast andel automatlappen er Møre og Romsdal og Troms og Finnmark. I 2018 var det berre 9 prosent som tok førarprøve med automatgir i dei to fylka, men i 2021 var det høvesvis 27 prosent og 26 prosent.
Samstundes viser tala at dei som køyrer opp med automatgir oftare stryk enn dei som køyrer opp med manuell gir.
I 2018 var det berre 60 prosent som bestod førarprøva med automatgir, medan det totalt var 72 prosent beståtte prøvar. I 2021 hadde skilnaden minka, då bestod 73 prosent førarprøva med automatgir, medan talet beståtte prøvar totalt var 77 prosent.
