Kongeparet besøkte Utøya for første gong: – Gjer stort inntrykk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein kan jo berre førestille seg korleis det var å vere her under det som skjedde. Det må ha vore heilt forferdeleg. Det var ingen som kunne vite kvar dei skulle gå, ikkje eigentleg kva som skjedde heller, seier kong Harald til NTB ved minnestaden på Utøya.

Kongeparet vart vist rundt på øya av dagleg leiar på Utøya, Jørgen Watne Frydnes, AUF-leiar Astrid Hoem og leier Lisbeth Røyneland i Den nasjonale støttegruppa.

– Eg synest det er ei veldig fin ro her. Og veldig fint å oppleve kva som er gjort her i ettertid, og tankane om framtida. Det er så lovande og godt at det legg litt balsam på såra, seier dronning Sonja.

– Må hit for å skjønne

Dronninga la ned ein krans på minnestaden, der dei 69 som vart drepne på Utøya har fått namnet sitt inngravert i ein hengande krans i stål.

Kongeparet har delteke på fleire minnemarkeringar etter terrorangrepet 22. juli 2011 og møtte tidleg fleire av dei ramma, både på Sundvolden 23. juli og seinare på sjukehusbesøk.

Men fredag var første gong dei besøkte sjølve øya etter angrepet.

– Ein må jo hit for å skjønne kor forferdeleg det må ha vore. Ein ser ikkje det på Sundvolden. Vi såg resultatet der. Men vi såg jo ikkje dette. Vi såg folk som hadde sett dette, seier kongen.

Sundvolden er konferansehotellet der fleire av dei overlevande og pårørande samla seg like etter angrepet.

Kong Harald og dronning Sonja kjem til Utøya med MS Thorbjørn fredag. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

– Stort inntrykk

Kongeparet fekk også omvising inne i Hegnhuset og det gamle kafébygget, kor mange vart drepne under angrepet.

– Seks personar vart drepne i kvart rom. Ein gut bak veggen ved døra der, fortalde Frydnes.

Kongeparet fekk også sjå veggen med SMS-utvekslinga Røyneland hadde med dottera Synne, før ho vart drepen på Utøya. Det gjorde sterkt inntrykk.

– Lagnaden var at tok du til høgre, så overlevde du, og tok du venstre, så gjorde du ikkje det. Det er så mange tilfelle som er vondt å tenkje på. Korleis dei klumpa seg saman og heldt saman, er også ganske imponerande. I det heile, det gjer eit stort inntrykk å vere på denne staden, seier dronninga.

Viktig del av noregshistoria

I åra etter terrorangrepet har kongeparet fleire gonger møtt pårørande og overlevande etter angrepet.

– Ein må jo på best mogleg måte vere med å følgje opp dei som har vore involverte i dette. Det er det vi har prøvd, i liten målestokk, å vere med på, seier kongen.

Han understrekar at det er viktig å ikkje gløyme terrorangrepet på Utøya og i regjeringskvartalet, som til saman tok 77 menneskeliv.

– Det er ein viktig, om enn horribel del av noregshistoria, seier kongen.

Kong Harald og dronning Sonja går gjennom kafébygget på Utøya fredag. Seks personar blei drepne i dette rommet, og seks andre blei drepne i naborommet.Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

– Utøya består

Noko av det som gjorde sterkast inntrykk på kongeparet, var også korleis AUF har teke øya tilbake, og at livet går vidare for dei som stod tettast på.

– Det er heilskapen med kor grufullt dette har vore, og det å komme vidare, seier kongen.

– Og ikkje berre det, men på ein veldig positiv måte, la dronninga til.

– Og Utøya består. Ikkje sånn som det var, men det består framleis. Ein klarte ikkje å øydeleggje det som var her.


Les også: Ny dokumentar om tida etter Utøya: – Ein film om å reise seg igjen

Åra etter terroråtaket, har AUF vald å ta Utøya tilbake som samlingsplass. Her talar Ina Rangønes Libak til dei som er samla på sommarleir på Utøya. Foto: Fenris film