Støre hyllar statsrådar frå Utøya-generasjonen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi får to statsrådar som var på Utøya 22. juli, og som var med på å ta AUF og Arbeidarpartiet vidare. Dei var partibyggjarar. Dei er byggjarar i dette landet politisk, dei har vigd livet sitt til det. Og for oss så er det å sjå både lyden og uttrykket av ein ny generasjon i denne regjeringa ein inspirasjon i den oppgåva vi går laus på, sa Støre då han presenterte regjeringskabalen torsdag.

Det er kunnskapsminister Tonje Brenna (33) og næringsminister Jan Christian Vestre (35) som har bakgrunn frå Utøya.

Fleire frå Utøya-generasjonen

I tillegg er det fleire frå Utøya-generasjonen blant dei nye statssekretærane.

– Når desse flotte, unge politikarane har med den bakgrunnen, så opplever eg at vi har komme eit viktig steg vidare. Og det er eg veldig stolt av, sa Støre.

Emilie Enger Mehl (Sp) under på valkampopning på Ilseng. Foto: Javad Parsa / NTB