Fleire unge snusar i Noreg enn i Sverige

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 07.06.2022 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge norske kvinner snusar langt meir enn den svenske motparten sin, medan eldre svenske menn bruker meir snus enn nordmenn i same alder, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Sidan 2008 har det vore ein mykje sterkare vekst i andelen som snusar dagleg i Noreg enn det har vore i Sverige. No er vi på same nivå som nabolandet vårt, seier førstekonsulent Sindre Mikael Haugen i SSB.

Stadig fleire unge snusar

I Noreg er det meir vanleg blant dei under 45 år å bruke snus dagleg samanlikna med same aldersgruppe i Sverige. I aldersgruppa 25–34 år snusar éin av fire dagleg i Noreg, mot éin av seks svenskar.

Det er derimot fleire i Sverige som snusar dagleg i aldersgruppene 45–54 år og 55–64 år. Det gjeld éin av seks svenskar, mot éin av ti i Noreg.

I Noreg snusar dei yngre mest, og dei siste åra har stadig fleire unge byrja med snus. Blant dei mellom 16 og 24 år snusar éin av fem nordmenn dagleg, mot éin av seks svenskar.

– Om denne utviklinga held fram, vil det på litt lengre sikt bli ein større del nordmenn enn svenskar som snusar, seier Haugen.


Illustrasjonsfoto: Kasturi Roy/Unsplash