«La 16-åringar få vere ungdommar og ikkje stresse over å ta sine eigne val riktig enno»

Ole Christoffer Tangerud (19)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar. Innlegget er omsett til nynorsk med løyve. 

Det er gode grunnar til kvifor stemmerettsalderen bør vere 18 år for å stemme i Noreg.

Men no vil fleire upolitiske aktørar som The Body Shop senke stemmerettsalderen, noko som kan føre til umodenskap i valet.

Butikkjeda The Body Shop har saman med Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) hatt ein kampanje for stemmerett for 16-åringar. Foto: The Body Shop

16-åringar er ikkje eingong ferdige med utdanninga si eller skule, så då meiner eg dei ikkje har lært så mykje av det grunnleggjande om val og det å stemme.

Eg meiner at stemmeretten skal vere på lik linje som å drikke alkohol, betale skatt, køyre bil og spele pengespel, som er 18 år. Men også at ungdommar skal gle seg til å bli 18 og endeleg få lov til å bruke stemmeretten sin. La 16-åringar få vere ungdommar og ikkje stresse over å ta sine eigne val riktig enno.

Når ein er 18 år så er ein myndig, og då det er mest naturleg å ta sine eigne val gjennom bustad, jobb, men også det som er politisk. For då er ein klar for det.

Uansett er det berre litt dumt å senke stemmerettsalderen når ein sjølv ikkje kan sitje i noko kommunestyre eller fylkesstyre før ein er 18.

Kvifor er eg er imot å senke stemmerettsalderen?

  • For eg synest det blir veldig feil og urettferdig at myndigheitsalderen og stemmerettsalderen ikkje skal vere lik.
  • Det blir merkeleg at ein 16-åring skal bestemme over bilvegar, når ein sjølv ikkje kan køyre bil.
  • Det blir rart at ein 16-åring skal bli stemt på og stille til val, når ein sjølv ikkje kan sitje i eit kommune- eller fylkesstyre.

LNU-leiar Margrete Bjørge Katanasho ville invitert Ronny Brede Aase på taco. Foto: Sverre Øygarden Eikill, Gyldendal