Toyota lagar månebil – håpar folk kan bu på månen innan 2040
Lunar Cruiser skal utforske månens overflate, og hjelpe folk busetje seg på månen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tesla og Elon Musk er ikkje dei einaste som har eitt hjul i verdsrommet – no vil også Toyota utforske nye vegar. Det melder nyheitsbyrået AP News, som først omtalte saka.
Toyota har gått saman med romfartsbyrået i Japan for å utvikle eit køyretøy som skal utforske måneoverflata.
Ambisjonsnivået er høgt, for bilselskapet håpar å kunne bidra til at folk bur på månen innan 2040 og seinare på Mars, melder nyheitsbyrået.
- Les også: Forskarar vil byggja hus av blod på Mars
Kvardagslege syssel på månen
Køyretøyet er under utvikling, og skal verte lansert seint på 2020-talet.
Lunar Cruiser skal gjere det mogeleg for folk å ete, arbeide, sove og kommunisere frå bilen på månen, akkurat som på jorda.
I tillegg skal Lunar Cruiser ha ein robotarm som kan fungere som ulike verktøy og ha ulike funksjonar, slik at han både kan inspisere og drive vedlikehald.
– Dette handlar om å ta våre bilar ein stad der dei aldri før har vore, seier Toyota-ingeniør Shinichiro Noda til AP News, og peikar på at månen kan vere ein verdifull ressurs for livet på jorda.