Som 12-åring ringde Jannicke Mikkelsen NASA og søkte jobb

Ho vart i går Noregs første astronaut som reiser til verdsrommet.

Janne Nerheim
Publisert

Saka vart fyrst publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.

Som barn ville Jannicke Mikkelsen bli astronaut, slik som mange andre, men for henne sleppte ikkje draumen heilt taket.

Då ho var 12 år ringde ho NASA for å søkja jobb. Jobben handla om å kartleggja landskap i 3D, og Mikkelsen sat allereie med fagkunnskapar. Ikkje berre ringde ho, ho vart også teken med vidare til neste runde.

– Mor mi måtte ringja og seia frå at eg berre var 12 år, fortel ho til Ung.Forskning.no.

Mikkelsen var då i rullestol etter ei rideulykke, og på nettet dykka ho ned i romverda.

No er ho 38 år og klar for å reise ut i verdsrommet.

Turen ho skal på blir kalla Fram 2, og vil vara i tre til fem dagar. Raketten skal flyga rundt jorda kvart 90. minutt og for første gong passarar den både Nord- og Sørpolen, skriv NRK.

Mikkelsen blir også den første filmfotografen i verdsrommet.