Berre engelsk i Storbritannia? Niks!

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne artikkelen er skriven av Sigrid Sørumgård Botheim,
kommunikasjonsrådgjevar i Språkrådet.

Det er lett å tenkje at språksituasjonen i Noreg, med to offisielle skriftspråk og fleire nasjonale minoritetsspråk, er spesiell. Men dei fleste land har eit stort språkmangfald som vi kanskje ikkje veit så mykje om. I Storbritannia finst ei rekkje språk med lange tradisjonar i landet i tillegg til engelsk – eitt av dei er walisisk.

Walisisk står på agendaen når Mark Drakeford, fyrsteministeren i Wales (Prif Weinidog Cymru), vitjar Språkrådet den 19. mai. Han ynskjer mellom anna å diskutere språksituasjonane i Noreg og Storbritannia.

Korleis kan ein sikre status og vern for minoritetsspråka? Korleis kan ein lyfte språkmangfaldet? Desse spørsmåla er like aktuelle i Storbritannia som i Noreg.

– Dei keltiske språka som framleis blir snakka i Storbritannia, vart verna av minoritetsspråkpakta i 1992. Men oppfølginga har ikkje alltid vore tilfredsstillande, seier Nicolai Egjar Engesland, som er postdoktor i irsk filologi ved Universitetet i Oslo / National University of Ireland, Galway og fagansvarleg for keltiske språk i Store norske leksikon. 

– Storbritannia husar framleis omkring ti språk med lang tradisjon i landet: engelsk, skotsk-gælisk, irsk, walisisk, kornisk, manx, angloromani, shelta, skotsk og britisk teiknspråk. Blant desse er kornisk og manx gjenoppliva, medan dei andre har ein samanhengande tradisjon i området. Walisisk er nok det språket som står sterkast blant desse ti, etter engelsk, seier Engesland.

Eiga språklov i Wales

I Noreg fekk vi ei heilskapleg språklov 1. januar i år. Lova skal styrkje norsk språk og ta vare på minoritetsspråka våre. I Storbritannia er språkpolitikken delegert til dei ulike administrasjonane. Til dømes vedtok Skottland den gæliske språklova i 2005, og Wales har den walisiske språklova frå 1993.

– Lova gjev folk i Wales rett til å bruke det walisiske språket, og ho slår fast at det ikkje skal vera mindre gunstig å bruke walisisk enn engelsk. I praksis tyder det at enkelte offentlege organ må tilby tenester på walisisk, publisere tekstar på båe språk og bruke walisisk i kontakt med dei borgarane som ynskjer det, seier ein talsperson ved den britiske ambassaden i Noreg.

Kan walisisk brukast på alle område i samfunnet i Wales?

– Ja. Alle barn lærer walisisk til dei blir 16 år. Somme går på engelskspråklege skular og lærer walisisk som andrespråk, andre går på walisiskspråklege skular der walisisk blir brukt i all undervisning. Lova frå 1993 gjev folk rett til å bruke walisisk i rettssalen. Enkelte organ skal tilby tenester på walisisk, og dei skal ta omsyn til språket når dei utformar politikk, seier talspersonen ved den britiske ambassaden.

Illustrasjonsfoto: Richard Haywood/Unsplash

Press frå engelsk

Delen av dei som svarte på 2011 Census-undersøkinga, som sa at dei kunne snakke walisisk. Foto: Skate Tier/Wikimedia – CC BY-SA 3.0

Nicolai Egjar Engesland fortel at walisisk har hatt ein framgang i siste halvdel av 1900-talet med tanke på sosial status, og språket har ein sterkare posisjon i skulen og i media enn tidlegare.

Mellom anna har støtta til walisiskspråkleg fjernsyn (Sianel Pedwar Cymru) gjennom BBCs lisensavgift nyleg auka frå 74,5 til 88,8 millionar pund. 

Men sjølv om walisisk har eit vern i Wales, har ikkje språket nokon spesiell status i resten av Storbritannia, seier Engesland.

– Walisisk er det dominerande språket berre i delar av Wales, særleg i nord og sørvest. Kjennskapen til walisisk er avgrensa utanfor Wales, men språket blir brukt i ein viss grad også i England. Dei områda der walisisk står sterkast, er gjerne dei områda som står svakast økonomisk. Denne situasjonen finn vi att i Skottland, Irland og Bretagne.

Eitt av føremåla med den norske språklova er å syte for at norsk kan brukast på alle område i samfunnet, og at vi ikkje skal bruke meir og meir engelsk i ulike sektorar.

Problemet med press frå engelsk og domenetap er like aktuelt i Wales som i Noreg.

– Dei aller fleste walisisktalande er i stand til å prate engelsk. I Noreg er vi redde for framtida for norsken i møte med engelsk. I Wales og Irland har den engelske trusselen hatt ein heilt annan valør i lang tid, og det er ein reell fare for at språka mistar brukarar og blir brukt i færre domene. Eit anna problem er at svært mange har lært walisisk som andrespråk. Dimed meistrar dei språket berre til ein viss grad og gjerne med påverknad frå engelsk. Denne problemstillinga er felles for alle dei moderne keltiske språka, seier Engesland.

Walisisk for den språkinteresserte

Moderne walisisk er eit britannisk (‘britisk’ ville vore meir korrekt) språk som er nært slekta med bretonsk (Bretagne) og det daude språket kornisk (Cornwall, England). Kornisk døydde ut på 1700-tallet, medan walisisk og bretonsk framleis er levande språk. Bretonsk er derimot ikkje eit offisielt språk i Frankrike, men er anarkjend som eit ‘regionalt språk’.

Dei britanniske språka utgjer saman med dei gæliske språka (irsk, skotsk-gælisk og manx) den keltiske språkfamilien, som før vår tidsrekning fanst over store delar av det europeiske fastlandet. I dag finn vi dei kun i den vestlege periferien ved Atlanterhavet.

Eit trekk som vi finn i alle dei levande keltiske språka, er såkalla framlydsmutasjon. Eín variant (lenisjon) kan samanlignast med dei såkalla ‘bløde konsonantar’ langs Sørlandskysten, der ‘p’ (‘pipe’) blir uttalt som en ‘b’ (‘pibe’) når den står etter ein vokal. I walisisk finn vi liknande fenomen, men ved byrjinga av ordet. Til dømes blir det walisiske punt (‘et pund’) til bunt etter preposisjonen am: am bunt (‘for et pund’). På liknande vis blir gardd (frå norrønt garðr) til ardd etter bestemt artikkel: gardd ‘hage’, yr ardd ‘hagen’, der /g/ forsvinn heilt i uttale.

Vi finn også andre lydforskyvingar i walisisk, som nasalmutasjon. Et par døme: yng ngardd ‘i en hage’ (/ŋarð/); yng Nghaerdydd ‘i Cardiff’ (Caerdydd). Slike endringar i uttale som er avhengig av (fonetisk) kontekst, er nokså vanleg (vi finn til dømes parallellar i dei italienske dialektane i Toscana og Sardinia), men det er uvanleg at dei blir del av det grammatiske systemet som i dei keltiske språka.

Systemet av framlydsmutasjonar er ei særleg utfordring for den som lærer språket, ikkje minst fordi ein viss kjennskap til det grammatiske systemet er ein fresetnad for å kunne slå opp i ordboka – tydinga av ardd og ngardd ovanfor finn vi kun under oppslagsordet gardd.

Skrive av Nicolai Egjar Engesland, omsett til nynorsk av framtida.no.

Kurdiske Lizan Rafat Slojek (16) går på vidaregåande og merkar at ho manglar basiskunnskapar i engelsk, der ho vert vurdert på lik line med medelevar som har mange fleire års opplæring. Foto: Privat