«Tida for overgrep i psykisk helsevern er langt frå over»

Adrian Wilhelm Kjølø Tollefsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er fleire ting i den nye regjeringserklæringa, Hurdalsplattforma, eg kunne gleda meg stort over, men éin ting gjer meg botnlaust fortvila.

Då Mental Helse Ungdom vart stifta i 2005 stod vi allereie på skuldrene til kjenper: dei som hadde gått føre og kjempa for heilt grunnleggjaned saker. Og med grunnleggjande meiner eg ting som å handsame pasientar som menneske, ikkje dyr.

Den nye regjeringa har bestemt seg for å ta eit sjumilssteg bakover. 

Tida for overgrep i psykisk helsevern er langt frå over

Du treng ikkje blade veldig langt tilbake i psykiatrien sine historiebøker før fingrane dine vert klebrige av gammalt blod og sidene lukter av urin, avføring, seglduksblad og lobotomi.

Om du vert utvel av tanken så betyr det berre at du er eit sunt menneske med grunnleggjande empati for andre.

Mange, eg inkludert, vil hevde at tida for overgrep i psykisk helsevern er langt frå over. Dagens sier som vert skrivne i historiebøkene kan framleis stinke. Dei kan framleis vere tilgrisa av ting som skjerming brukt som straff, vilkårleg handheving av «husordensreglar» og belteseng som regelrett hemn. 

Kva er det som gjer menneske i stand til å utføre handlingar som vert dømde så hardt av ettertida – og i nokre tilfeller samtida?

Menneske som jobbar i psykisk helsevern er jo ikkje vonde? I alle fall ikkje vondare enn resten av befolkninga? Nei, menneske er tilpasningsdyktige. Dei tek sjeldan lang tid før ting som gjer deg uvel og opprørt vert daglegdagse, berre du vert utsette for det ofte, og regelmessig nok.

Mange av dei tinga vi i dag ser på som bestialske overgrep vert begått med dei beste intensjonar om å hjelpe. Men når «hjelpa» kjem ubedd, er det eit veldig inngrep i menneske sitt liv og då skal det svært lite til før den vert opplevd som eit overgrep. 

Menneskerettar

Endringane som kom i psykisk helsevernlova i 2017 var hardt kjempa. Endeleg kunne ei heil gruppe menneske puste lettare, vel vetande om at så lenge dei hadde samtykkekompetanse i behald (og ikkje var til fare for seg sjølv eller andre), så kunne dei ikkje lenger verte tvangsinnlagde etter psykiatrane sjølv finn det for godt.

For mange er det forskjellen på månadar eller år med tvangsinnleggingar og tvangsmedisinering, eller eit godt tilpassa, oppsøkjande tilbod som føregår på personen sine eigne premiss. 

Når Hurdalsplattforma, signert Støre og Vedum vert lagt fram med eit punkt om å «Evaluere endringen i psykisk helsevernloven om innføring av krav til samtykke ved innleggelse i tvungent psykisk helsevern», har vi ikkje noko anna val enn å slå alarm. 

Dei kunne like gjerne ha skrive «evaluere endringen som styrka menneskerettane til ei heil gruppe». 

Dette vil vere resultatet av ei «evaluering»

Eg kan godt gje deg resultata av ei slik «evaluering» og svare på problemstillingane utan å frårøve menneske sjølvbestemmingsrett basert på si gruppetilhøyrsle (det skjer likevel, men det er ein diskusjon for ein annan dag). 

Eg skal vere nøktern, sakleg og løysingsorientert.

1: «Endringa har ført til at pårørande vert påført yttarlegare belastning når familiemedlemmen ikkje vert tvangsinnlagd.»

Dette er ei problemstilling vi kjenner godt og som ein slett ikkje skal ta lett på. Pårørande kan vere ein fantastisk ressurs for menneske med psykiske lidingar, men kan òg verte utbrende. Dei er heltane i helsevesenet som ingen klappar for, og dei fortener så mykje hjelp og støtte vi kan gje dei. Meir tvang er ikkje løysinga.

Sanninga er at det ofte er kommunane som sviktar når pårørande må bere for tungt. Men her går eg ut frå at regjeringa kjem på bana og sørgjer for solide, øyremerka løyvingar til kommunane slik dei har lova i Hurdalsplattforma.

2: «Menneske kjem til å ta dårlege val på grunn av si psykiske liding.»

Menneske tek dårlege val heile tida. Det betyr ikkje at vi sperrer dei inne og tvangsmedisinerer dei av den grunn.

Vi tvangsinnlegg ikkje menneske med BMI over 40 og ubehandla diabetes på Tonsåsen, sjølv om helsetilstanden tilseier at dei får sin utsikt til helbredelse eller vesentlig bedring i betydelig grad redusert. Det siste i kursiv er forresten ordrett frå psykisk helsevernloven sin §3, den delen av lova det er snakk om.

3: «Endringa har ført til meir papirarbeid, fordi det tek tid og ressursar å bevise at ein pasient manglar samtykkekompetanse.»

Vi sluttar ikkje å fylle ut skjemaet fordi pennen gjekk tom for blekk.

Håpar regjeringa tek til fornuft

Eg håpar inderleg vi kan stole på at vi har ei regjering som vil halde fram og følgje opp arbeidet som har vorte gjort av dyktige fagfolk og brukarrepresentantar i – og Tvangslovutvalet.

Og at regjeringa tek til fornuft og anerkjenner eit halvt hundreår sin kamp for å sørgje for at menneske med psykiske lidingar vert handsama som nettopp menneske. 


Har du noko på hjarta? Send tips eller meiningsinnlegg til tips @ framtida.no!


Foto: Pressefoto: Kollasj: Framtida.no