Studentleiar forbanna: – Politikk som gjer at ein er avhengig av foreldra si lommebok for å studera

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er vanskeleg å forstå korleis regjeringa, som gjekk til val på å auke studiestøtta, kan stå for ein politikk som gjer at ein er avhengig av foreldra si lommebok for å studera. Med ytterlegare svekt studentøkonomi vil endå færre få moglegheita til å studera.

Det seier NSO-leiar Tuva Todnem Lund i ei pressemelding.

Ho er skuffa over det reviderte nasjonalbudsjettet og meiner regjeringa svekkjer studentøkonomien ytterlegare når dei ikkje aukar studiestøtta med meir enn 2 prosent.

Vil heva studiestøtta til 1.5 G

Ifølgje SSB auka konsumprisindeksen med 5,4 prosent frå april 2021 til april 2022.

– Regjeringa veit at studiestøtta ikkje er god nok. Dei auka prisane går ut over studentane på same måte som alle andre. Budsjettet legg opp til at studentar ikkje får like moglegheiter til å ta utdanning, seier NSO-leiaren.

NSO krev at studiestøtta blir heva til 1.5 grunnbeløpet i folketrygda.

I dag får ein norsk student 126.357 kroner i basislån frå Lånekassen, der inntil 40 prosent vert gjort om til stipend om ein består utdanninga.

Grunnbeløpet vart 1. mai 2022 auka til 106.399 kroner, noko som betyr at 1.5 G blir 159.599 kroner.

Opp til Stortinget

NSO-leiaren peikar på at studiestøtta søkk mot grunnbeløpet og at studentar vil ha lågare kjøpekraft enn tidlegare. Ho set si lit til Stortinget, der Arbeidarpartiet og Senterpartiet manglar fleirtal og difor er avhengig av støtte.

– No er det opp til Stortinget å visa at dei er opptekne av like moglegheiter til høgare utdanning, og auke studiestøtta utover regjeringa sine 2 prosent. Sist Arbeidarpartiet og Senterpartiet sat i regjering, sokk studiestøtta dramatisk. Norsk studentorganisasjon er bekymra for at me vil sjå same utviklinga no.


Tuva Todnem Lund i Norsk studentorganisasjon meiner sanitetsprodukt må bli gratis for studentar. Foto: Ruben Rygh/NSO, Natracare/Unsplash, kollasj Framtida.no