Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krussepresident Martin Reinemo har valgt ei alkoholfri russetid. Foto: Privat

– Ein blir ein slags frontfigur ut, der ein seier ganske klart ifrå at eg er kristen og dette er det eg trur på.

Det seier Martin Reinemo på telefon til Framtida.no. 19-åringen frå Hamar går på musikklina på Stange videregående skole og er krussepresident for heile landet.

«Boller og brus – Jesus er min rus»

Krussen kan delta på arrangement saman med andre russ, men har òg eigne arrangement som Russetreffet på Hedmarkstoppen siste helga i april.

Reinemo har vore sikker på at han skulle vera kruss heilt sidan han for tre år sidan var med å styre lyden på eit krussearrangement saman med ein kompis. Då hadde han sjølv nyleg blitt kristen, og kjente at dette er noko han ville vera med på.

No feirar han russetida med slagord som «Boller og brus – Jesus er min rus» og Markus 1,17 på russekortet.

Russekortet til krussepresident Martin Reinemo. Foto: Privat

600 kristenruss

På Stange vidaregåande anslår han at det er kring 100 russ, der fire har valt å vera kruss.

Krusseleiar Torgeir Lillenes Reinlund, er tilsett i Laget (NKSS). Foto: NKSS

Kruss er ei forkorting av kristenruss, eit samarbeidsprosjekt mellom NKSS, Bibelselskapet, Ungdom i Oppdrag og Stefanusalliansen

På landsbasis er det i 2022 registrert kring 600 kruss fordelt over heile landet, noko som er ei auke etter koronaåra.

Ifølgje krusseleiar Torgeir Lillenes Reinlund, som er tilsett i Laget (NKSS), har ei kristen russefeiring vore stort på Sørlandet i alle år.

– Men vi ser ei auke dei siste åra på Austlandet – det gler vi oss over, skriv han i ein e-post til Framtida.no. 

Foto frå årets russetreff for Krussen på Hedmarkstoppen. Foto: Islam Aghazada/Laget (NKSS)

Spørsmål og svar

Reinemo fortel at det å vera synleg kristen i russetida har gitt han mange gode samtalar, både frå medruss og andre.

– Du går på ein måte rundt med eit skilt som seier at du er kristen saman med ungdommar og unge vaksne som både er rusa og ikkje. Mange har spørsmål og ynskjer å stilla deg litt oppetter ein vegg og få deg til å ikkje klara å svara. Det er litt misjonerande og litt trusstyrkande.

Reinemo er oppteken av at han sjølv lærer mykje om trua si når han må svara på spørsmål, reflektera rundt dei og kanskje også søkja meir kunnskap i Bibelen til neste gong.

Spørsmåla han får kan variera frå tankar om sex før ekteskap, abortsyn, trua på Gud og kontroversielle bibelhistorier om drap og steining.

I tillegg er det dei som er interessert i hans eiga trushistorie og hans personlege forhold til Gud.

Foto frå årets russetreff for Krussen på Hedmarkstoppen. Vipps-nummeret på skjermen er til den årlege Krusseaksjonen Foto: Islam Aghazada/Laget (NKSS)

Edru russetid

For Reinemo har krussetida allereie gitt vennskap som han trur kjem til å vara livet ut. Det er ikkje alle kristenruss som vel å avstå frå alkohol, men for Reinemo er dette eit viktig standpunkt i russetida.

– Me har litt sånn motto å vera den trygge personen andre russ kan koma til. For min del har eg valt ein edru livsstil og eg vil at mine vener skal vera trygge på at eg er ein dei kan koma til og snakka med, som kan køyra dei heim og vera eit godt vitne for dei, seier Reinemo.

Han fortel at det å vera kristenruss ikkje er synonymt med å vera edru heile russetida, sjølv om dei har ein russeknute for å ikkje drikka alkohol i russetida.  

19-åringen opplever både respekt og undring over edrustandpunktet.

– Det er ein del som synest det er litt rart å ikkje drikke. Dei synest at mykje av poenget er borte, men alle har ein respekt for det, seier Reinemo, som medgjev at det kan vera vanskeleg å stå imot presset.

Martin Reinemo (19) i midten er krussepresident. Foto: Privat

«All in for Jesus»

Sjølv er krussepresidenten klar på kva som er hovudfokuset.

– Eg har valt å ha Gud på førsteplass i livet og når eg skal inn i russetida vil eg ha Gud inn i russetida mi. Det er eit ordtak som heiter å gå «all in for Jesus» og det er verkeleg det eg prøver i livet, å vera ein disippel for han, avsluttar Reinemo.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a) framtida.no!


Helene Lunder Eriksen jobbar i Paulus kyrkje på Grünerlokka, og studerer teologi på Universitetet i Oslo. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg