Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2 av 5 er religiøse

40 prosent av dei mellom 16 og 24 år svarar at dei tilhøyrer ein religion eller ei trusretning, ifølge Statistisk sentralbyrå.

Det same talet gjeld for aldersgruppa 25–44. Blant dei over 67 år er talet 59 prosent.

Men dei unge religiøse er gjerne meir aktive enn dei eldre. Blant dei unge som er religiøse, svarar 22 prosent at dei deltek på gudstenester eller andre religiøse møte minst éin gong i månaden. Dette er betydeleg oftare enn eldre generasjonar. Blant dei mellom 45 og 66 år er talet berre 16 prosent, medan for dei over 67 er talet 17.

Samstundes melde Norsk Monitor 2020 at endå færre svarar at dei trur på Gud. Ifølge den undersøkinga er det berre 19 prosent i aldersgruppa 25–39 som svarar ja. Korleis høyrer det saman?

Eit svar kan vere at sjølv blant medlemmene i Den Norske Kyrkja er det berre 3 av 10 som trur bestemt at Gud finst. Nokre kjenner kanskje tilhøyrsle til religionen dei vaks opp med, utan at dei sjølv reknar seg som truande.

8.898 færre konfirmasjonar

I 2020 var det knapt 33.000 norske ungdommar som konfirmerte seg i Den Norske Kyrkja.

Talet er 8.898 lågare enn 10 år tidlegare. Sidan 2010 var det altså ein nedgang i konfirmasjonar på 21 prosent.

Konfirmasjon vert rekna som ei stadfesting av dåpen, og eit standpunkt ved inngangen til vaksenlivet om at ein vil halde fram med å leve i trua.

På døypefronten er tala endå meir dramatiske. Sidan 2005 har talet på døypte i DNK stupt med 45 prosent. Over 19.000 færre born vart døypte i 2020, enn dei 43.000 i 2005.

Dei som vert døypte i kyrkja, vert som regel også melde inn i DNK.

Året 2016 – elektronisk utmelding

I 2016 vart det lettare enn nokon gong å forlate Den Norske Kyrkja.

Før det måtte ein kontakte det lokale kyrkjelydskontoret for å melde seg ut av DNK. I 2016 vart det mogleg å gjere det på nett, ved hjelp av BankID.

Det førte til at nesten 16.000 personar under 30 år melde seg ut av kyrkja. Det var eit hopp på nesten 10.000 utmeldingar samanlikna med året før.

55 prosent

Kristendommen er den desidert største religionen i Noreg. Sjølv viss vi ser heilt vekk frå Den Norske Kyrkja, er dei fleste av dei religiøse i Noreg del av eit kristent trussamfunn.

Men ser vi vekk frå alle kristne grupperingar, er islam den religionen med flest tilhøyrarar i Noreg. 55 prosent av dei som er medlem av eit trus- eller livssynssamfunn som ikkje høyrer til kristendommen, er muslimar.

SSB har ikkje publisert tal fordelt på alder, så vi ser til dei generelle tala:

Forsking tyder på at born av innvandrarforeldre ofte er like religiøse som foreldra – særleg muslimar. Når vi veit at talet på unge kristne søkk, kan vi difor anta at innvandrarar utgjer ein endå større del blant unge religiøse.

156.000

Medan Den Norske Kyrkja merkar nedgang i medlemstal, dåpar og konfirmasjonar, er det likevel andre kristne trussamfunn som veks.

Sidan 2006 har kristne trussamfunn som står utanfor DNK, hatt ein auke i medlemsmassen på over 156.000.

Heller ikkje her finn vi statistikk om unge medlemmer, så vi må igjen dukke ned i dei generelle tala.

NRK skreiv i 2017 om aukande popularitet blant pinsekyrkjelydane, særleg i byane, særleg blant unge under 25 år. Pastor David Hasseløy i Hillsong Oslo fortalde til NRK om ei femdobling i oppmøte på gudstenestene på fem år.

Forskar i religionspedagogikk, Morten Holmqvist, sa til NRK at det truleg skuldast ei sentralisering av unge menneske. Mange flyttar til større byar, der dei finn ny og viktig tilhøyrsle i frikyrkjemiljøet, sa han.

Den romersk-katolske kyrkja har hatt enorm vekst dei siste 16 åra: 256 prosent. Totalt hadde kyrkja 165.254 medlemmer i 2020. Auken er hovudsakleg knytt til arbeidsinnvandring, særleg frå Polen. Dessutan har kyrkja høge dåpstal.

Også den ortodokse kyrkja har sett ein betydeleg auke. Det kan truleg òg knytast til innvandring.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a) framtida.no!

Martin Luzi og Ayesha Zaeem. Foto: Privat