Emma (18) vert hylla for oppgjeret med ekskluderande russefeiring: – Modig gjort

Nobels Fredssenter peikar ut Emma Ingebrigtsen (18) frå Haugesund til «månadens dialogstemme».

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv VG.

Tradisjon tru har våren bydd på debattar om russetida. Ingebrigtsen er ei av dei som har engasjert seg. Ho tok til ordet mot ekskludering og utestenging, og laga ei open russegruppe som alle medelevane hennar på Haugesund Toppidrettsgymnas var inviterte til.

21. april stilte ho opp på Debatten hos NRK og diskuterte temaet.

– Emma Ingebrigtsen imponerer oss med initiativet sitt, der ho ikkje berre seier frå om ting som ikkje er som dei burde vere, men også tek grep for å inkludere alle medelevar, skriv Nobels Fredssenter i grunngjevinga.

– Dette er modig gjort blant jamnaldrande som ikkje alltid torer å heva røysta i frykt for å skille seg ut, held dei fram.

Mange hamnar utanfor

Ingebrigtsen fortalde til NRK at ho såg mange som hamna utanfor. Status, alkoholbruk, kven du kjenner og «prøvefestar» kan avgjere kven som får vere med i ei gruppe eller ikkje.

Såkalla prøvefestar inneber at du vert invitert til å vere med ei russegruppe ein kveld, der du må bevise at du er kul nok til å vere med. Mange får nei, fortalde Ingebrigtsen under Debatten.

– Det er mange brutale sider ved russetida. Det er viktig å snakke om det. Eg syntest det var trist å sjå på at sånne brutale ting skjer, sa ho.


Tyri Tvinnereim, Sigrid Hoddevik Losnegård, Johanna Haukanes Leivestad og Laura Vaagland brukar russetida si på å demonstrere mot gruvedumping. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0