
4Love hearts
Gje ei oppmuntring til forskjellige personar kvar dag i russetida
5Kjærleik på pinne
Gje ein klem til 20 personar på ein dag
6 Gullhjarteklistremerke på dressen
Skriv eit kjærleiksbrev til ein medruss (kan vere anonymt)

10Gullstjerne på dressen
Skryt ein tilfeldig person opp i skyene

13Sikkerheitsnål
Putt ein kondom over eksospotta til pastoren/ungdomsleiar
14Godterifisk
Gå på gata og lat som du er menneskefiskar, bruk gjerne fiskestang

17Skismøring
Kom for seint til skulen med ski og stavar og skuld på dårleg føre
18Bit av kaffikopp
Betal for to kaffiar og sei at den neste i køen skal få gratis
19Kulepenn
Ver guide i ei kyrkje

20Gåveband
Gje ei gåve til ein medruss, og sei: «Det er ei større velsigning å gje enn å få»
23Gripekross
Rop «Hallelujah!» til alt talaren seier på eit møte

24Kritt
Svar feil på spørsmål frå læraren med vilje, og legg deg bokstaveleg flat på golvet

25Wunderbaum
Betal for to parkeringsplassar i éin time og hald bønnemøte

28Nattverdsoblat
Sett deg på scenekanten under en gudsteneste i to minuttar utan å seie noko, og roleg ned igjen

30Raud godterimunn
Les Høgsongen 4,2 til ein framand.
(PS: Klikk på biletet til høgre for større versjon av Hgsongen 4,2)
31Pinne
Prøv som Moses å dele vatnet i ei fontene

32Lag ein liten papirbibel
Ha Bibelen eller nye testamentet på pulten eller i handa i ein heil dag

33Ein seigmann
Få med ein annan: reis dykk opp i timen og rop «Jesus kjem» og løp ut av klasserommet.

34Bit av billetten
Spør ein konduktør, flyvert/vertinne, bussjåfør «går dette toget/flyet/bussen til himmelen?»
35Kvittering
Still deg i kø i butikken, og når det er din tur, så gå bakerst igjen og sei: «Den første skal bli den siste». Gjenta tre gonger.
37IKEA-blyant
Gjennomfør bønnemøte i eit utstillingsrom på IKEA

38Russekort
Verv éin ven til Kristenrussen
39Navnelapp
Lat som du har minnetap ein heil skuledag
41Proteinbarpapir
Gå inn på eit treningssenter, løft altfor tungt og rop høgt: «Alt maktar eg i han som gjer meg sterk!»
42Kart
Sei til folk som ventar på bussen: «Ikkje ta bussen – Jesus er vegen!»
43Bit av russekortet ditt
Få fem barn til å syngje: «Jesus elskar alle barna»
45Barnål
Gå på fjelltur i slippersar
46Instagram-logo
Lag ein morsam Instastory av deg sjølv, og få fem medruss til å gjere det same (tag @krussen)
47Skolisse
Krabb rundt ditt lokale rådhus
48Hårlokk
La ein medruss klippe deg med en kjøkkensaks
49Refleks
Ha radarkontroll med hårfønar og refleksvest i 50-sona
51Tusj
Få autografen til presten/pastoren din på buksa
52Gitarplekter
Hald minikonsert på torget
53Løvetann
Overnatta i ei rundkøyring
54Matpapir
Ete frukost i ei rundkøyring
55Gras
Halde bønne- eller lovsongsmøte i ei rundkøyring
57Henning Olsen-logo
Spis tre liter is i løpet av ein skuletime
58Brødskorpe
Gå med brød som sko ein heil skuledag
59Godteri-egg
Spis egg og bacon til frukost på verandaen medan du snakkar med ein medruss som gjer det same
60Happymeal-leike
Køyr gjennom ein drive-thru med ei handlevogn og kjøp eit måltid
61Knapp i dressen
Ha russedressen på heile russetida

63Ispinne
Bada ute før 1. mai
Legofigur
Still deg i eit utstillingsvindauge i ein butikk og lat som du er ei utstillingsdokke i 1 time
64Plastgaffel
Overnatt i hagen/utanfor leilegheita til ungdomsleiaren din
65Raud godterifisk
Ta med deg ein ven på lagsmøte eller gudsteneste
66Bibelverset Johannes 3,16
Del eit bibelvers til ulike menneske kvar dag i russetida
68Leikeløve
Gjem deg i eit skap på ein møbelbutikk og hopp ut og sei: «Endeleg tilbake frå Narnia!»
70Mini-vannpistol
Teikn eit vatnkors i panna til ein medruss
72Etiketten
Drikk ein halvliter valfri drikke utan hender eller assistanse
73Knute på luetråden
Ver vaken 48 timar i strekk
74Sølvknute på luetråden
Ta 15 knutar på 24 timar
75Gullknute på luetråden
Ta 50 knutar
77Toro-logo
Lag middag til nokon og lever det på døra deira
78Sim-kort
Ring nokon du er glad i og ikkje har snakka med på ei stund
79Trommestikker
Gå rundt skulen syv gonger med tre medruss medan du trommar før skuledagen startar (sjå Josva kapittel 6)
80Morgonlevering-logo
Bestill morgonlevering til ein heilt tilfeldig person
82Hyssing
Be for venene dine kvar dag i russetida
83Krusselogo
Legg ut Instastory kor du seier kva du likar med Krussen
84Apple-logo
Start FaceTime/Messenger-samtale med Krusseleiaren Torgeir og still dei spørsmåla du vil

85Bilete av Martin Reinemo
Ring og slå av ein prat med nasjonalpresident
86Trebit
Besøk tre ulike kyrkjer i løpet av ein dag
87Plastbit
Spring rundt ein bil som stoppar på raudt lys så mange gonger du klarar

88Ispapir
Set ein krone-is i panna og spør tilfeldige personar om han/ho har sett nokre einhjørningar i det siste
89Bilete
Spør tilfeldige personar på gata om han/ho vil vere med på audition til ein spelefilm (du avgjer kva filmen handlar om)
90Kjendisautograf
Ta selfie med ein kjendis og få autografen til personen
Svømmebriller
Gå ein heil dag med symjebriller
92Smil-papir
«La ditt ja vere ja, og ditt nei vere nei» – sei «Ja!» til alt i løpet av ein heil dag
93Bilete på Instagram
Ta bilete med russestyret/russegruppa og legg det ut på Instagram

94Story på Instagram
Legg ut story kor du seier kva du er mest takksam for og gler deg mest til i russetida
95Gulldusk
Om du gjennomfører 75 av 105 knutar
96Krusse-klistermerke på dressen
Ver til stades på alle russearrangementa i din region gjennom russetida

97Krusseleiar Torgeir sin autograf
Finn han i løpet av russetida og spør kva du enn lurar på