Éin av tre har sett falske nyheiter om krigen i Ukraina

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tala i undersøkinga understrekar betydninga av å ha ei kritisk tilnærming til det vi les, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Analyseselskapet Sentio Research Norge har utført undersøkinga på vegner av tilsynet. 41 prosent av dei spurde seier dei ikkje har oppdaga at dei har lese falsk informasjon, medan 27 prosent ikkje veit.

Informasjonskrig

Sosiale medium går igjen som ei kjelde der folk har funne feilaktig informasjon om krigen i Ukraina. 56 prosent av dei spurde seier dei har sett falske nyheiter delt på Facebook, Twitter, Instagram og andre liknande plattformer.

Direktør i Medietilsynet Mari Velsand ber folk vere kritiske i kjeldebruken i samband med krigen i Ukraina. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

– Spreiing av propaganda og falsk informasjon er ein del av moderne krigføring. Det gjer det krevjande å skilje sant frå usant, seier Velsand.

27 prosent oppgir å ha komme over falske nyheiter på nasjonale radio- og TV-kanalar, medan 28 prosent seier dei har funne slike nyheiter i riksdekkjande aviser eller nettaviser.

– Uavhengige, redaktørstyrte medium legg stor innsats i å kvalitetssikre informasjonen dei formidlar og er dermed ei viktig motvekt til desinformasjon og falske nyheiter. Det at så mange seier dei har sett falske eller usanne nyheiter i redaktørstyrte medium, kan òg komme av at folk oppgir å ha sett falske nyheiter i form av medieomtale av falske eller usanne nyheiter, seier Velsand.

– Ver kritisk

Ho ber publikum vere merksame og kritiske i val av nyheits- og informasjonskjelder.

– Vi ser eit stort behov for auka bevisstgjering om spreiing av falsk informasjon og meir kunnskap om kva ein sjølv kan gjere. Vi oppmodar folk til å vere kritiske til det dei les, særleg det som blir delt frå ukjende kjelder i sosiale medium, seier Velsand.


Ljuba Samylova (22) vart arrestert for å demonstrere mot krigen i Ukraina. Foto: Privat