«Tap av fritid og dårleg helse er to av mange årsaker som fører til at elevane vel å droppe ut»

Kelly Thai (19)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksta er eit av bidraga som fekk heider i Framtida.no og Foreningen! les sin skrivekonkurranse om fritid.

Fritid er den tida i løpet av døgnet vi har til rådvelde utanom skulearbeid og personlege behov som måltid og søvn.

Ein skulle tru ungdomane hadde mykje fri på fritida, men det stemmer ikkje i det heile tatt. Vi ungdomar druknar i skulearbeid kvar einaste dag at vi ikkje eingong har tid til å velje kva vi vil bruke fritida på.

Vi må aldri gløyme den tida på barneskulen da vi gledde oss til å dra heim etter ein lang skuledag for å leike sisten i klatrestativet med vener. Vi kunne leike frå sola gjekk opp til den gjekk ned igjen utan å ha dårleg samvit for å vere ute heile dagen. Vi kunne faktisk bestemme kva vi ville bruke fritida på og måten vi brukte fritida på var akseptert.

Å få lov til å leike er noko av det viktigaste i livet til eit barn

Å få lov til å leike er noko av det viktigaste i livet til eit barn. Leik gir barna øving i å vere saman med andre, kome med idear og skape relasjonar som kan vare livet ut. Difor er det viktig at vi allereie frå tidleg alder får lov til å vere ute og leike med andre i fritida. No som vi blir eldre er det mindre leik og moro, og meir press frå foreldre og lærarar.

Barndomen er ei tid for leik, læring og utforsking. Ein blir ikkje rekna som vaksen før ein fyller 18 år.

Barndomen er ei tid der ein har moglegheita til å sjølv finne ut av kva ein synest er interessant å gjere i fritida. Likevel blir det berre meir og meir press og arbeid på skulen jo eldre vi blir, og vi får mindre tid til å gjere det vi vil.

Illustrasjonsfoto: Joshua Hoehne/Unsplash

Vi får ikkje like mange moglegheiter til å bestemme over vår eiga fritid slik som vi hadde da vi var yngre. Frå ein startar på ungdomsskulen blir vi nærmast tvinga til å gjere skulearbeid nesten kvar dag etter skulen.

Alle har ei fritid. Uansett om ein er barn, ungdom eller vaksen. For nokre er det ein tid der ein kan slappe heilt av utan å gjere noko. For andre er det å reise eller utforske nye ting.

Dessverre er det ikkje slik at vi ungdomar alltid kan velje kva vi skal bruke fritida på når vi får innlevering etter innlevering. Det kan føre til at ungdomane utviklar mellom anna angst eller depresjon. Dette er ein av grunnane til at ein stor del av norske elevar droppar ut av vidaregåande skule.

Frå 2014 til 2020 var det  9,8 % av elevane som ikkje oppnådde studie- eller yrkeskompetanse, ifølge tabellen frå Statistisk sentralbyrå. Tap av fritid og dårleg helse er to av mange årsaker som fører til at elevane vel å droppe ut.

Det er færre elevar som droppar ut av vidaregåande skule enn før pandemien. Ein av grunnane er at det har blitt stilt lågare krav til elevane på grunn av pandemien.

Lærarane har likevel klart å halde elevane innanfor systemet i ein krevjande tid. Elevane fekk dermed meir fri på fritida til å gjere noko dei sjølv liker i staden for å sitje heime mesteparten av dagen for å jobbe med skulearbeid. Det har ført til betre helse og meir motivasjon på skulen. Det gir ein meiningsfylt fritid som gir moglegheiter for realisering av interesser og talent, som er eit grunnlag for meistring, utvikling og innsikt.


Dette innlegget var eitt av dei som fekk heider i Framtida.no og Foreningen !les sin skrivekonkurranse. Fram til 3. juni 2022 kan du skriva inn til skrivekonkurransen «Identitet».


William Matteus Fonn (17) frå Namsos vann skrivekonkurransen om fritid, arrangert av Framtida.no og Foreningen !les. Foto: Karoline Fonn