Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Quiz har vore favoritthobbyen min sidan eg var barn. Eg kjenner meg privilegert som kan ha dette som yrke, fortel quizforfattar David Tørre Asprusten.

25-åringen er òg godt van til å sitje på andre sida av quizarket, han er nemleg ein rutinert quizsportutøvar sjølv. Faktisk, den mest meritterte junioren i norsk quizsport.

Dei beste utøvarane har bygd opp kunnskap over lang tid. Som ung er det difor ikkje lett å hamle opp med konkurrentar som er både 20 og 30 år eldre. Likevel har Asprusten ein fjerdeplass frå NM individuelt. Då var han berre 21 år.

Norges Quizforbund kalla det ein prestasjon i særklasse. Asprusten er også den einaste nordmannen som har komme på pallen samanlagt i quiz-VM dersom vi tek med alle aldersklassar.

Første betalte quizjobb som 17-åring

Men er det mogeleg å leve av å vere quizforfattar?

Det same spørsmålet har David Tørre Asprusten stilt seg sjølv, for fram til i fjor var han også student. Då pensumbøkene var opna for siste gong og alle eksamenane avleverte, fekk han svaret. Det går an, i alle fall for han!

Men han har òg vennar og kollegar som kombinerer det å vere quizforfattar med andre yrke:

– Faktisk er eg usikker på om det finst andre personar i landet som berre jobbar som quizforfattar.

Vegen frå å vere berre quizdeltakar til å vere quizforfattar starta i 2013, i det små. Asprusten gjekk andre året på vidaregåande og skulle delta i sitt fyrste quiz-NM.

Det meinte lokalavisa ikkje kunne gå forbi i stille, dei laut intervjue han:

– Når det fyrst var ei sak om quiz, fekk dei ideen at eg kunne lage ein quiz til saka, fortel Asprusten.

Det gjorde han gjerne, utan å tenkje meir over det. Men så tikka det inn ein e-post kort tid etter. Har du lyst til å skrive fast quiz for oss mot betaling? lurte dei på.

– Eg var 17 år og hoppa i taket. I dag – over 10 000 spørsmål seinare – held me framleis på!

Nummer ein: VTBs nye laurdagsquizmakar David Tørre Asprusten gjekk til topps i juniorklassa i Quiz-NM denne helga.

Quiz med Dag Otto

Det starta med lokalavisa, men seinare har andre arbeidsgjevarar kome til. I 2019 oppdaga Asprusten at Dag og Tid, ei avis han hadde fått stor sans for, ikkje hadde noko forfattarnamn ved sidan av quizen lenger.

– Då melde eg interesse til bladstyraren, og jammen fekk eg engasjement.

Omslag: KaVe Norway

Sidan då har han levert quiz kvar veke for nynorskavisa. Nokre år seinare tok forlaget Kave Norway kontakt. Dei hadde lagt merke til at Asprusten melde quizbøker for NRK, deriblant ei av bøkene dei stod bak.

– Dei spurde om eg ville skrive quizbøker saman med sjølvaste Dag Otto Lauritzen!

Asprusten var ikkje vanskeleg å be, og før jul kom boka Julequiz med Dag Otto.

Å få skrive quizbøker saman med Dag Otto Lauritzen er noko av det mest utrulege som har skjedd i quizforfattar Asprusten sin kvardag.

– Det er eit sjeldan yrke, så berre det å få jobb er stor stas!

Men der er også andre høgdepunkt i den heller uvanlege kvardagen: Han har skrive Store norske leksikon sin artikkel om quiz og nyleg, medan han var på quizen til Litteraturhuset i Oslo, vart han attkjend av ein litteraturkritikar frå NRK.

– Eg vart overvelda då ho lurte på om eg heitte Tørre Asprusten. Ho kjende att det vesle biletet attmed quizen i Dag og Tid. Det vart ein triveleg prat!

Research og faktasjekk

Arbeidsdagen som quizforfattar startar rett etter frukost, for 25-åringen. På arbeidspulten framfor seg har han to skjermar, på den eine Word og den andre Internett.

Han startar ofte med ein disposisjon med korte stikkord om kvart spørsmål, slik at han ser at quizen vert balansert. Deretter byrjar han å skrive ut spørsmåla.

 – Undervegs er det mykje research, også i bøkene mine, som tidvis ligg strødde på golvet.

Foto: Privat

Når han har sett spørsmålsteikn bak siste spørsmål, les han gjennom og kjenner etter om han synest quizen er bra.

– Gjerne ta ein ekstra faktasjekk. Og naturlegvis rydde bøkene på plass att! Kanskje har eg også hatt ein e-post å svare på i løpet av dagen.

25-åringen er utdanna grunnskulelærar og bibliotekar. Sjølv om arbeidskvardagen hans i dag føregår framfor ein dataskjerm heime, og ikkje framfor elevar eller boklånarar, kjem utdanningane godt med. Asprusten opplever at dei har gjort han til ein betre quizforfattar.

– Faktisk kjem eg ikkje på ei einaste utdanning som ikkje ville ha vore relevant. Jobben min er jo å lage kunnskapsspørsmål om kva som helst! Det er eit ganske allsidig yrke!

Frå Karsten Warholm til Kilimanjaro

Det beste med å vere quizforfattar på fulltid er at det òg er favoritthobbyen hans, fortel Asprusten.

Læringsglede har vore viktig for han sidan han var liten, og saman med konkurranse- og underhaldningselementet i quiz vert det ein ypparleg kombinasjon.

– Ikkje minst er quiz allsidig, med spørsmål om alt frå Karsten Warholm og Kilimanjaro til bukspyttkjertelen og brød. I kva verdsdel er Kilimanjaro det høgaste fjellet, og kor mange sektorar er Brødskala’n delt i? spør Asprusten og held fram:

– Du kan lære mykje som quizforfattar. Det synest eg er heilt topp, både som quizsportutøvar og i kvardagen.

25-åringen peikar på kor kjekt det er med faktakunnskap i det kvardagslege, og det å vere interessert i å lære noko nytt.

– Her om dagen vart eg kjend med ein radiografistudent frå Hå kommune. Det er lettare å relatere seg til dersom ein veit kva radiografi er og kor i landet Hå kommune ligg, fortel han og legg til at det var spanande å høyre om dei ulike metodane, som røntgenfotografering, CT og MR.

Det mest utfordrande med å vere quizforfattar er å lage spørsmål om tema ein ikkje er god på, fortel Asprusten.

– Jo meir du kan, jo lettare er det å stille relevante spørsmål. Difor er eg ei «potet» som prøver å setje meg inn i mykje forskjellig.

Samstundes kan det vere ei utfordring å ikkje gjere quizen for vanskeleg.

– Der er me mange som har brunne oss – det er mykje lettare å lage vanskelege quizar enn lette quizar.

Asprusten fortel at gode quizar ikkje kjem av seg sjølv, og det nok er mange som har anten lese eller delteke på quizar der det går over stokk og stein. Sjølv er han takksam for å ha observante lesarar som ikkje er redde for å gje tilbakemelding.

Bilete: Unsplash, C. C. Wischmann / Ivar Aasen-tunet/ CC BY 3.0. Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0, Tore Sætre/Wikimedia/CC BY-SA 4.0

Skriveglade poteter med gode medaljesjansar

– Kven passar yrket for?

– Alle skriveglade poteter som likar å lære sjølv og lære bort gjennom presise kunnskapsspørsmål.

Dersom du drøymer om å verte quizforfattar på heiltid, så lyt du fort leite rundt for å få tilstrekkeleg med arbeid, seier Asprusten. For det er ikkje så mange av dei jobbane i omløp.

– Heldigvis kan alle ha glede av å skrive ein quiz i ny og ne. Kanskje er ein nokre vener som alle likar til dømes Harry Potter? Lag nokre spørsmål og køyr quiz, då vel!

– Kva draumar har du for framtida?

– Å, eg kan ha mange draumar, fortel 25-åringen.

Men éin av dei går i oppfylling i september, for då skal Asprusten vere med å arrangere quiz-NM, der han til vanleg deltek.

– Det er mange i open klasse, men du som les dette, må vite at me treng deltakarar i juniorklassa (opp til 26 år). I fjor var me berre fire juniorar i den individuelle konkurransen, så medaljesjansane er gode.


Mina Farmen Bertheussen/@damaikrana. Foto: Privat

Fakta

Namn: David Tørre Asprusten

Alder: 25 år

Frå: Telemark (litt Bamble, mest Kviteseid), bur like attmed Bislett stadion i Oslo.

Yrke: Quizforfattar for avisene Vest-Telemark Blad og Dag og Tid og forlaget Kave Norway.

Utdanning: Grunnskulelærar på HiOA, som undervegs endra namn til OsloMet (4 år), bibliotekar på OsloMet (1 år), pluss nokre enkeltemne frå tre andre universitet