Ei veke i ramadan: – Det kan fort verte litt einsamt

Sarah Frostmo Faraj
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg heiter Sarah, og er ein ung student på 22 år. Eg tek ei bachelorgrad ved UiO i Midtaustenstudiar med arabisk, og er på mitt siste semester.

Mora mi er 50 prosent norsk og 50 prosent samisk, og faren min er 100 prosent palestinar, noko som gjer meg samisk, norsk og palestinsk. Eg bur med mamma og mine to kattar på Holmlia i Oslo.

I desse dagar er det ramadan, altså den niande månaden i den islamske kalenderen. Då fastar vi av ulike grunnar. Eg personleg fastar fordi det er ei av dei fem søylene i islam, og det er noko eg gjer for Allah (Gud).

Eg ser heller ikkje nokre ulemper med å faste. Legar og forskarar seier det til og med er bra for kroppen å faste. I tillegg er det den månaden i alle fall eg brukar til å gje det eg kan av bidrag til velgjerdsorganisasjonar og å pushe meg sjølv ekstra ved å lese ulike vers frå Koranen og be ekstra mykje.

I min familie er eg den einaste som fastar, og i år er det mitt fjerde år. Det er utfordrande på fleire område, spesielt når eg står opp åleine på natta og skal ete, drikke og be åleine. Det kan fort verte einsamt. Det er òg vanskeleg når vennar spør om eg vil dra til byen for å ete/drikke, og eg ikkje har lyst til å sjå andre ete digg mat eller drikke iskald Pepsi Max, eller ikkje har overskotet til det.

Det kan fort verte einsamt

Eg er så heldig som har ein veldig fleksibel mamma, og vi et middag saman sjølv om det fort vert mellom klokka 21 og 22. (Ja, vi fastar mellom 17 og 18 timar i år.) Ho tilpassar seg veldig kvardagen min på fleire område, noko eg set pris på. Eg føler meg veldig heldig som har ei mor som ho. Dei seier at paradiset ligg under ei mors føter.

Den beste ramadanen eg nokon gong har opplevd var i fjor, då eg budde i Jordan som ein del av studieløpet mitt. Eg reiste òg til Palestina, kor vi finn Jerusalem, og det var ei magisk oppleving som ikkje kan skildrast.

Midtausten under ramadan er som julaftan i Noreg, med pynt i gatene, familiar som møtast på kvelden og masse spirituell aktivitet rundt ein – berre at det varar i 30 dagar! Eg feirar jul her i Noreg, og eg må seie det er meir spirituelt å feire ramadan enn julaftan. Julaftan opplever eg som meir ein tradisjon og kultur, enn noko religiøst.

I år er ramadan ulikt frå dei tidlegare åra på grunn av Covid-19. Det har gjort at eg ikkje kan reise i moskeen og be taraweeh (ein ekstra bøn etter Isha, som er den femte bøna), eg kan ikkje dra på fredagsbøn og det vert heller ingen eid-bøn, som er mi favorittbøn.

Dette har prega meg veldig denne ramadan-månaden, i og med at eg er litt avhengig av å få det vesle pushet til å gjere det vesle ekstra, som til dømes å lese Koranen, be endå meir, be på slaget til bønene og få den kjensla av eit muslimsk samfunn. Dette er viktig for meg fordi eg fastar og ber åleine, og vil føle at eg er åleine under ramadan.

Dette er éi veke i min ramadan: 

Måndag 11. mai

Eg vakna opp kring klokka 11, i og med at eg la meg seint. Eg sovnar anten etter eg har ete, for så å vakne for å ete suhoor (måltidet ein et for å lukke fasten) og be, og andre gongar held eg meg vaken heilt til suhoor.

Det raraste med å stå opp er at det ikkje er noko eg skal rekke eller gjere, utanom at eg hadde eksamen i «Oldtidens religioner» klokka 14.30. Eg står ikkje opp og lagar meg ein omelett, eller tek eit glas vatn. Det er rundt 30-40 minutt eg må fylle med noko anna.

Eksamen gjekk greitt, eg var ganske stressa. Eg diggar faget, men det var ganske utfordrande spørsmål.

Bestevenninna mi kjem ned til meg for å lese. Ho gløymer ofte at eg ikkje et, og tek seg ei brødskive og drikk saft, vatn eller te framfor meg. Men det gjer ingenting. Det påverkar meg ikkje noko særleg. Mamma puttar ei bok mellom oss for at eg ikkje skal sjå maten ho har laga til lunsj eller frokost, men det gjer meg seriøst ingenting.

Det er ikkje mat eg vert freista av – det er drikke, hovudsakeleg vatn, men det skjer ofte når iftar (måltidet vi et for å bryte fasten ved solnedgang) nærmar seg.

Mamma byrjar førebu middag i 19-tida, og då vel eg og venninna mi å dra til butikken for å få oss frisk luft og handle litt. Eitt tips: Ikkje gå i butikken når du fastar, då vil du ha ALT. Noko eg alltid prøver å handle er vassmelon, fordi det er mettande og inneheld masse vatn.

Venninna mi drog heim etter det, og det gjorde eg òg. Eg og mamma åt kl. 21.35, då fasten opna.

Det raraste med å faste er at i det sekundet eg et ein daddel og drikk vatn (i retning mot Mekka, og daddelen førebur magen min på å få mat slik at eg ikkje får vondt), så gløymer eg nesten at eg har fasta. Den kjensla av svolt og tørst går vekk. I tillegg et eg på kanskje 10 til 15 minutt fordi eg vert mett fort.

All godis, chips og kaker eg eventuelt har kjøpt eller laga orkar eg ikkje i alle fall.

Tysdag 12. mai

I dag stod eg opp seint, og tida gjekk eigentleg til å sjå på litt YouTube-videoar med imamar som snakkar om islam eller høyre på Koranen.

Eg prøver å skrive litt på bacheloroppgåva, men det funka så dårleg. Eg var så sliten frå gårsdagens eksamen.

Onsdag 13. mai

I dag var eg eigentleg berre heime og skreiv på bacheloroppgåva mi. Då kan tida gå veldig fort, eller veldig sakte.

Det kjipe med å vere heime er at eg ser mat og drikke heile tida. Men på den andre sida er det lettare å be, fordi eg slepp leite etter ein stad å be som eg må gjere når eg er i byen med vennar (takk til klesbutikkane for prøveromma deira), og kan bruke tida mi meir effektivt.

Rundt klokka 03:15 stod eg opp for å drikke vatn. Vanlegvis pleier eg ta ein daddel eller noko frukt å ete før eg legg meg igjen, men det orka eg ikkje i dag.

Torsdag 14. mai

I dag var ein kjip dag. Eg var veldig sliten og utmatta, både fysisk og psykisk. Eg hadde sove dårleg og overtenkt heile natta. Det at eg verken et eller drikk gjer det ekstra vanskeleg.

Eg var faktisk på nippet til å bryte fasten, men tenkte at det psykiske ikkje skulle knekke meg.

Eg, mamma og venninna mi drog til Ski storsenter for å handle, og eg trur dei merka veldig fort at eg var sliten. Mamma spurte fleire gongar òg.

Då vi kom heim sovna eg, og det var utruleg deilig. Då eg fekk i meg mat og drikke følte eg meg mykje betre, men det er drikke eg saknar mest når eg fastar – ikkje mat.

Fredag 15. mai

Eg drog til venninna mi for å jobbe med skulearbeid, og det gjekk greitt. Eg sovna etter ei lita stund, men tok berre ein powernap fordi eg visste at eg skulle ut og ete med ein kollega.

Det dummaste eg gjorde var å ikkje booke bord på den tyrkiske restauranten vi enda opp på. Det gjorde at eg ikkje fekk ete før klokka 22.30, noko som testar tolmodet mitt når eg ikkje har ete på 18 timar.

Eg et på utanlandske/orientale restaurantar i ramadan ikkje berre fordi dei sel halal-kjøt, men fordi atmosfæren der er så god. Så spirituell. Alle har fasta den dagen og vi kjem alle for å ete.

Då fasten opna hadde vi ikkje bord, så eg drakk eit glas vatn og åt ein daddel, og ba maghreb (den fjerde bøna ved solnedgang). Omsider fekk vi eit bord og eg åt så mykje og så fort, og så drakk vi tyrkisk shaii (te).

Så det gjekk bra til slutt, men eg var ganske irritert før vi skulle ete og før bøna, men når eg ber … då forsvinn all aggresjon, alle problem og tankar. Det er ei spesiell kjensle.

Eg får takke kompisen min som ikkje gjekk frå meg, haha.

Laurdag 16. mai

Det var vanskeleg å vakne opp i dag, i og med at eg la meg så seint no når eg har ei unormal døgnrytme. Heldigvis er eg veldig glad i jobben min som pleieassistent på sjukeheim og synest det er veldig deilig å kome på jobb klokka 8.00 på morgonen.

Vi brukar munnbind i desse tider, som gjer meg ekstra tørst. Utanom det var det greitt, og eg blir faktisk ikkje freista av mat på jobb. Berre drikke.

Eg sovna då eg kom heim, etter å ha bedd, for eg var SÅ trøtt. Indisk takeaway stod på menyen i heimen, og de var ufatteleg godt og velfortent, vil eg påstå!

Søndag 17. mai

17. mai var ganske annleis i år for oss alle. Både i fjor og i år har eg valt å jobbe på 17. mai fordi eg fastar. Det er ein kjip dag å faste fordi det luktar grill over alt, alle drikk digg kald drikke og et is uansett kor dei er.

Eg stod opp og såg på barnetoget som skulle gå i området. TV-en var også på for å få ei kjensle av at det var 17. mai.

Mamma hadde avtalt med fetteren min, kjærasten hans og dei tre barna om å kome til oss klokka 14., slik at dei ikkje skulle begynne å grille før eg drog på jobb 14.20-ish, sidan eg startar klokka 15. Trass i god planlegging fekk eg ikkje sett dei fordi dei var forseinka.

Det er ein kjip dag å faste fordi det luktar grill over alt

På jobb var det god stemning sjølv om få av bebuarane veit at det er 17. mai. Det mest utfordrande var at det vart servert god mat heile dagen: røkt laks, eggerøre til frukost, pølser i lompe til lunsj og laks med poteter, digg salat og rømmedressing til middag. Det stod i tillegg kake, jordbærkompott og korger med jordbær og krem i kjøleskapet. Det freista så mykje.

Heldigvis visste eg at eg skulle ete indisk takeaway-restar til iftar på jobb. Eg gjorde alt klart til klokka 22.50 og hugga innpå indisk, redbull, vatn, sjokolade, jordbær og chips!


Maria Josephine Bjørkli

Maria Josephine Bjørkli (18) er elev ved Frederik II vidaregåande skule. Foto: Privat