Gler seg over synlegare ramadan: – Kan bidra til ei kjensle av fellesskap

Nestleiar i Islamsk Råd Norge Ung Zaira Khan (18) ser tilbake på ei høgtid der Oslo for første gong pynta med med ramadanlys og fleire butikkar markerte ramadan og id.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det viktig å ikkje undervurdere den betydninga små, men symbolske handlingar har for å skape ei endring.

Det skriv Zaira Khan i ein e-post til Framtida.no. 18-åringen er nestleiar i Islamsk Råd Norge Ung, og markerte førre veke id, slutten på fastemånaden ramadan.

Sjølv om ho har feira id på same måte som tidlegare, har ho i år sett fleire døme på at høgtida har blitt tatt godt imot i det norske samfunnet.

Zaira Khan er nestleiar i IRN Ung. Ho fortel at id og ramadan alltid er spesiell for ho. – Ramadan bringar muslimar saman og gir meg som eit individ åndeleg bevisstheit og styrke. Foto: Privat

Belysning og arrangement

Khan trekker fram at området ved Rådhuset i Oslo for første gong vart pynta med belysning og ramadanpynt. Det var eit arrangement ved byrjinga av fastemånaden der både byrådsleiaren og representantar frå muslimske organisasjonar var med.

I tillegg vart det arrangert gate-iftar rundt ei veke seinare av Bydel Gamle Oslo i samarbeid med Muslimsk Dialognettverk. Fleire muslimar og ikkje-muslimar samla seg og braut fasta i fellesskap, fortel Khan.

– Slike initiativ er med på å styrke mangfaldet i Oslo, og opnar opp for å lære av kvarandre og utvikle oss som eit samfunn. Det er ved kunnskap og forståing vi kan fremje inkludering og ei kjensle av tilhøyrsle i samfunnet, meiner Khan.

Synleg i butikkane

Den islamske høgtida har òg fått sitt inntog i handelsstanden. Fleire butikkar har for første gong selt varer knytt til ramadan og id. Mellom anna hadde kosmetikkgiganten Kicks id-tilbod med 20 prosent rabatt på augesminke.

– Det er positivt å sjå at verksemder som for eksempel Kicks inkluderer ulike religiøse feiringar som ramadan ved å tilby spesialtilbod. På lik linje som påske- og juletilbod kan dei gjerne bidra til å skape ei kjensle av fellesskap og respekt for det store mangfaldet vi har i landet, meiner Khan.

Skjermdump frå Instagram av eid-kampanje hos Kicks.

Ho trur synlegheita kan bidra til å byggje bruer mellom ulike samfunnsgrupper.

– Gjennom den type inkludering og normalisering av andre religiøse eller kulturelle feiringar kan vi skape eit meir inkluderande og tolerant samfunn for alle.

Khan har òg sett id-kort i butikkar og Eid Mubarak-plakatar pryde kjøpesenter og nærområde.

– Er du kritisk til ei kommersialisering av høgtida? At butikkar tenar pengar på id-kampanjar?

– Både og. Eg synest det er viktig at det ikkje blir overvegande fokus på inntening ved overprisa produkt. På same tid er det fullt forståeleg at butikkar må tene noko på det dei sel for å oppretthalde verksemdene sine. Det mest fornuftige er dermed ein fin balanse mellom dei to.

Id-gratulasjonskort hos Norli. Då Framtida.no var innom etter id, henta Norli fram korta fram frå bak disken for foto. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Mykje positiv respons

PR- og informasjonsjef i Kicks, Maria Kempe, fortel Framtida.no at det er andre året dei har id-kampanje.

– Som andre høgtider vil vi òg rette merksemda mot ramadan/id , som blir feira av mange rundt om i landet. For oss er det viktig å møte alle kundar og kunne inspirere og møte behova deira, skriv ho i ein e-post.

I perioden 3. – 10. april hadde Kicks ein id-kampanje. Skjermdump kicks.no

Ho meiner dei er tydeleg at dei møter eit behov blant kundane

– Vi har fått mykje positiv respons frå kundane våre, både i butikk og i dei sosiale kanalane våre, der vi har fått mykje kjærleik. 

Kicks planlegg å ha kampanje rundt ramadan og id også neste år.

Første gong

Bokhandlarkjeda Norli er blant dei som for første gong i år selde gratulasjonskort, gåvepapir og gåveposar til id. Marknads- og informasjonssjef Caroline Heitmann seier til NRK at det nesten er litt flaut kor lang tid det har tatt å få på plass, sidan å vise mangfald er ein del av oppgåva deira.

– Det har blitt tatt godt imot og vi har berre fått positive reaksjonar. Det har vore ein del sal, seier ho til NRK. Ho seier dei kjem til å halde fram med tilbodet neste år.

Pictura Gruppen Norge står bak gratulasjonskorta, og fortel at dei fekk ein førespurnad frå NorgesGruppen om å lage produkta. Joker, Spar og ein del Kiwi-butikkar har tatt inn korta.

– Signala vi har fått dei siste vekene er at det har vore superbra respons på produkta, seier leiar Dag Fjellheim til NRK.

– Litt nervøsitet

Sjølv om årets ramadan var meir synleg i bybiletet, vart høgtida òg prega av at det i forkant av id kom trugslar mot moskear. Id-feiringa kan vere eit symbolmål for høgreekstreme, har PST tidlegare åtvara om.

Politiet innførte nasjonal væpning etter trugslar på nettforumet Discord. Det viste seg å vere frå ein mindreårig gut i eit anna land med høgreekstreme sympatiar.

– Ramadan endar via markering av id, og den har eg feira slik som kvart år. Dagen startar med id-bøn i moskeen, som eg veit det har vore litt nervøsitet rundt i år grunna truslane mot moskeane i Oslo, fortel Khan i Islamsk Råd Noreg Ung.

Ho synest det var fint å sjå moskeane setje opp ekstra tryggleik og at frivillige stod utanfor moskeane.

– Dette har gjerne hjelpt med å roe nervar hos eldre og yngre om at moskeen er trygg. Det skapar dermed ei kjensle av tryggleik og tilhøyrsle.