Iman Meskini får internasjonal merksemd for innsatsen ho gjer for muslimske ungdommar. Forsking viser at mange kvir seg for å gjere som henne i sosiale medium.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skodespelar og føredragshaldar Iman Meskini er på Forbes si europeiske 30-under-30 liste i kategorien sosial påverknad (social impact). Det amerikanske business-magasinet trekker fram unge profilar som har markert seg på ulike felt.

Forbes viser til at Meskini set i gang samtalar om representasjon for muslimske ungdommar i Noreg og andre land i Vesten. Det gjer ho mellom anna på Instagram, der ho har over 500.000 følgarar.

Ho har brote barrierar som den første kvinna som har brukt hijab i fleire situasjonar, mellom anna i førstegongstenesta og på coveret til magasinet Costume. Ho har også skrive bok om opplevingane hennar med å gå med hijab.

Meskini held dessutan føredrag og talar om korleis det var å vekse opp som muslim.

– Ei ære

På Instagram skriv Meskini at kåringa er den beste eid-gåva nokosinne. Ho takkar juryen og dei som har nominert henne.

– Det er ei ære, og eg ser fram til å ha kontakt med resten av the gamechangers, skriv ho.

Ho signerer innlegget med «Alhamdulillah» (Lova vere Gud).

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Iman Meskini (@imanmeskini)

Til VG seier Meskini at ho håpar plasseringa kan føre til fleire skodespelaroppdrag og ei større stemme også internasjonalt.

Fryktar stigma

Å dele eigne religiøse haldningar på sosiale medium er ikkje enkelt for alle.

Ifølge ein studie frå Universitetet i Agder, lar mange ungdommar vere å publisere religiøst innhald i frykt for å bli stigmatisert, bli stempla, miste vener eller av omsyn til karrieren.

Studien er basert på intervju med minoritetsungdommar med kristen og muslimsk bakgrunn i Noreg.

Særleg muslimske menn opplever at mykje står på spel dersom dei deler religiøst innhald. Dei fryktar å bli stempla som ekstremistar og bli sosialt ekskludert. Ein informant forskarane har snakka med, hevdar at det ville vore karrieresjølvmord for han å dele religiøst innhald i sosiale medium.

– Eg er veldig medviten om det. Diverre. Det skal ikkje vere sånn, for i eit demokrati skal vi alle kunne engasjere oss og ha eit meiningsmangfald, men sånn er det no, seier informanten i studien.

På den andre sida er det muslimske kvinner med hijab som mest aktivt deler religiøst innhald, og forsvarar religiøse verdiar i diskusjonar. Det kan koplast til at hijaben er eit veldig synleg symbol. Mange som ber hijab, vert utsette for trakasserande kommentarar og er vande med å måtte forsvare religionen sin.

Muslimske kvinner er dei som oftast deler religiøst innhald i sosiale medium, ifølge ein studie frå Universitetet i Agder. Foto: Good Faces/Unsplash

Vil endre negativt bilete

Forskarane, førsteamuensis Ronald Mayora Synnes og førsteamuensis Irene Trysnes ved Universitetet i Agder, har sett på både muslimar og kristne. Dei skriv at muslimar har andre motivasjonar for å dele eller ikkje dele religiøst innhald, enn kristne.

Kristne vil gjerne dele for å vise den religiøse identiteten sin for venene sine. Det som held dei tilbake er frykta for å verte ekskluderte av dei ikkje-truande venene sine, som dei oppfattar som lite tolerante.

For muslimar handlar det meir om å konfrontere og endre eit negativt bilete av islam i samfunnet.

Forskar Irene Trysnes meiner at majoritetsbefolkninga må bli meir tolerante overfor religiøse ytringar.

– Når vi snakkar om integrering og at dei med minoritetsbakgrunn ikkje er demokratisk aktive, kan dette vere eit bidrag til å fortelje noko om kvifor, seier ho om studien til Vårt Land.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a) framtida.no!

Hummam Bhutta, Wala Jibril og Ayusha Awan. Foto: Birgitte Vågnes Bakken