Kongeleg kjærleiksdrama, forsvunne lik og krig – her er sju bøker du bør lesa i påska

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sort messe av John Dickson Carr

I påsken er det lite som slår eit godt mysterium. Mi favoritt krim-forteljing er klassikaren Sort messe av John Dickson Carr. Her er gift og eit forsvunne lik blant hovud­ingrediensane. Stemninga er uhyggjeleg. Og spenninga varer til siste side.

  • Er ljod betre enn tekst? NRK Radioteatret har laga eit høyrespel basert på boka. Det finn du her.

Hamlet av William Shakespeare

Fleire av dei verkeleg store klassikarane i verdslitteraturen handlar om spørsmålet «kven drap kven». Sjeldan er desse bøkene merkte som krim på omslaget, men dei kan likevel eigna seg fint som påskekrim.

Ta til dømes William Shakespeares Hamlet. Kongen av Danmark har nyleg døydd. Sonen hans, Hamlet, er fortvila. Ein skikkelse syner seg for han og påstår å vera gjenferdet etter faren. Gjenferdet seier at det var Hamlet sin onkel og stefar, Claudius, som tok livet av Kongen.

Hamlet bestemmer for å hemna drapet på faren. Men kan han eigentleg stola på at gjenferdet snakkar sant?

Lukas, Bibelen lett å lesa

Viss du treng ein repetisjon av det opphavlege påske-bodskapet er «Lett å lesa»–utgåva av Lukas-evangeliet perfekt. Det er akkurat same teksten som tidlegare, men med eit enklare og klårare språk.

Omsetjinga kom – på både nynorsk og bokmål – i 2020 på Verbum forlag. Du finn og teksten på nettsidene til Bibelselskapet.

Dei mest sentrale påske-tekstane er samla her.

Omslag: Flamme Forlag

Du av Håvard J. Nilsen

Viss du vil lesa skjønnlitteratur om religion er romanen Du av Håvard J. Nilsen eit godt val. Romanen kom i 2020 på Flamme Forlag.

Hovudpersonen heiter Sigurd. Han er oppvaksen i pinserørsla. No har han flytta til Trondheim for å studera. Det skal bli sjansen til å kvitta seg med kristendommen som Sigrud opplever er ei byrde. Men som han sjølv ytrar i boka: «Å tro er å kontinuerlig ville slutte å tro, men ikke klare det fordi du har sett noe.»

I morgen bliver bedre av Karoline Stjernfelt

Likar du intrigar og kjærleiksdrama? Synest du moten var best på 1700-talet? I så fall bør du sjekka ut den danske teiknserien I morgen bliver bedre. Han er laga av Karoline Stjernfelt og handlar om makteliten i Danmark-Noreg under Christian VIIs regjeringstid.

Dei interne stridane på Christiansborg var mange. Og kongen sjølv var fullstendig uskikka til å leia eit land. Her kjem skandalane på rekkje og rad!

I morgen bliver bedre er planlagt som ein trilogi. Foreløpig har dei to fyrste banda blitt gjevne ut.

Leiken og lynet av Tarjei Vesaas

Å skriva dikt etter hendingane i Auschwitz er barbarisk, meinte filosofen Theodor W. Adorno. Han tok openbert feil!

Det er når verda er i krise at litteratur blir naudsynt. Då det braut ut krig i Ukraina greip eg til diktsamlinga Leiken og lynet av Tarjei Vesaas. Her finn ein fleire dikt som Vesaas skreiv som ein reaksjon på nokre av dei forferdelege tinga som hende under den andre verdskrigen.

Språket er klart og sobert. Sansane blir skjerpa. Ein kjenner seg aldri så til stades i verda som når ein les dikta til Vesaas.

Orkar du ikkje eller manglar tid til å lesa heile boka? Ta deg uansett tid til å lesa diktet Regn i Hiroshima. Eg lover, det er fantastisk! 

Slaughterhouse-Five av Kurt Vonnegut

Å skriva morosamt om krig og massedrap kan umogleg vera lett. Men Kurt Vonnegut fekk det til.

Sjølv var han amerikansk soldat under den andre verdskrigen. Som krigsfange opplevde han bombinga av den tyske byen Dresden. Eit alliert åtak som tok livet frå over 20 000 menneske, dei fleste av dei sivile. Vonnegut overlever ved å gøyma seg tre etasjar under bakken i eit slaktehus.

To tiår seinare bestemmer Kurt Vonnegut seg for å få nokre av opplevingane sine frå bombinga av Dresden ned på papiret. Resultatet blei romanen Slaughterhouse-Five, eller Slaktehus-5 som han heiter på norsk.

Boka er løyen og absurd tvers igjennom. Men bodskapet er klinkande klart: krig er ikkje gøy.

Slaughterhouse-Five er ein einaste lang langfinger mot alt som er eller minner om krig. Boka burde vore pliktlesnad.


Treng du fun facts til påska? Her er sju fakta som høyrest for utrulege ut til å vera sanne, men som er sanne

Foto: The Wizard of Oz Haley Bolger Garland Lahr 1939/Offentleg eigedom, John Taylor – Official gallery link/Wikimedia Commons/ Offentleg eigedom, Pixabay. Kollasj: Framtida.no