Daud forfattar, detektivlegende og rettssaker – dette er årets påskekrimmar

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påska er høgsesong for krim. Tradisjonen tru kan du ta fatt på fleire nye seriar om mord og mysterium i høgtida, både lineært og på nett-TV.

NRK

Som vanleg diskar statskanalen opp med krimseriar heile påskeveka. Det blir både gjensyn med gode, gamle heltar og friskt blod, i dobbel forstand.

«Siste kapittel» (NRK)

Susan Ryeland startar si eiga etterforsking i krimserien «Siste kapittel». FOTO: NICK WALL / ELEVENTH HOUR FILMS / SONY PICTURES TELEVISION

Serien «Siste kapittel» handlar om Susan Ryeland som er redaktør for den kjente krimforfattaren Alan Conway. Når ho skal hente dei siste kapitla til den nye romanen hans, oppdagar ho at forfattaren er daud. Ryeland startar si eiga etterforsking, og det viser seg at romanen Conway skreiv på kan vere basert på røynda, og at han kan ha fått nokon til å ta livet av forfattaren.

Den britiske krimserien er basert på bokserien «Magpie Murders» av Anthony Horowitz.

Du ser serien her: 

  • NRK TV: Fredag 8. april kl. 06.00 (heile serien)
  • NRK1: Laurdag 9. april kl. 21.20

«Showtrial» (NRK)

«Showtrial» er ein av krimseriane NRK skal sende i påska. Foto: © WORLD PRODUCTIONS LIMITED 2021. LICENSED BY ITV STUDIOS LTD.

I «Showtrial» er dottera til ein velståande eigedomsutviklar sikta for drapet på ein medstudent. I serien følgjer vi rettssaka, som plasserer offeret Hannah Ellis, drapssikta Talitha Campbell og familiane deira i ein mediestorm, og dessutan advokat Cleo Roberts som skal forsvare den hovudmistenkte.

Du ser serien her: 

  • NRK TV: Fredag 8. april kl. 06.00 (heile serien)
  • NRK1: Måndag 11. april kl. 21.15

«Nattdjevelen» (NRK)

Med ein ny plan har teamet fått eit fornya håp om å faktisk fange «Nattdjevelen». Men snart skjer det eit nytt og brutalt åtak. FOTO: © BUFFALO PICTURES & ALL3MEDIA INTERNATIONAL

I 11 år har ein serieovergripar terrorisert London. Kriminaldetektiv Colin Sutton blir sett til å granske korleis politiet har handtert saka. Vil dei endeleg greie å ta «Nattdjevelen»?

Du ser serien her: 

  • NRK TV: Fredag 8. april kl. 06.00 (heile serien)
  • NRK1: Onsdag 13. april kl. 21.15

«Shetland» (NRK)

NRK sender ein ny sesong av «Shetland» i påska. FOTO: © ITV STUDIOS LIMITED 2020

Etterforskar Jimmy Perez og kollegaane på Shetland er tilbake på skjermen for å løyse krimsaker. Serien er basert på bøkene til Ann Cleeves, og har blitt kåra til beste dramaserie i Storbritannia.

No, i sesong fem, må Perez dra frå gravferda til mor si for å leie etterforskinga av drapet på ein øybuar som blir skoten ved sin eigen heim.

Du ser serien her: 

  • NRK TV: Fredag 8. april kl. 06.00 (heile serien)
  • NRK1: Fredag 15. april kl. 21.15

«Vera» (NRK)

Det blir eit gjensyn med Vera på NRK også denne påska. FOTO: © ITV STUDIOS LIMITED 2021

I påska sender NRK sesong 11 av serien om Vera som løyser krimgåter i Northumberland.

No blir Vera dratt inn i eit tragisk mysterium i samband med ei rettssak. Dagen før eit vitne skal i retten, blir ein mann slått i hel ved eit minnesmerke. Har dette drapet noko med rettssaka å gjere?

Du ser serien her: 

  • NRK TV: Fredag 8. april kl. 06.00 (heile serien)
  • NRK1: Søndag 17. april kl. 21.00

TV 2

Vil du heller sjå på TV 2 i påska, kan kanalen freiste med alt frå ein britisk kjenning, til spiongåter og svensk krim.

«Dalgliesh» (TV 2)

Her er den nye Adam Dalgliesh. Foto: Christopher Barr/Dalg Productions Ltd

P.D. James sin ikoniske etterforskar Adam Dalgliesh fyller ruta på TV 2, denne gongen i ny drakt. Det er Bertie Carvel som har rolla som Scotland Yard-detektiven i denne nyinnspelinga. Serien går føre seg på 70-talet, og vi følgjer Adam Dalgliesh, som framleis sørger over si daude kone. Samstundes må han løyse uvanlege drap og avsløre løyndommar.

Dei seks episodane er baserte på bøkene Shroud for a Nightingale (Mens englene sover), The Black Tower (Det svarte tårn) og A Taste for Death (Dragning mot død).

Du ser serien her: 

  • TV 2 Play: Seks episodar
  • TV 2: Frå 11. april, dobbeltepisodar tre kveldar

«Hamilton 2» (TV 2)

Jakob Oftebro er tilbake i Hamilton 2. Foto: Alexander Crispin

Mot slutten av påska kan du sjå enda ei nyinnspeling av ein ikonisk karakter. TV 2 Play sender nemleg sesong to av spionserien «Hamilton».

Store namn som Stellan Skarsgård, Peter Haber, Peter Stormare og Mikael Persbrandt har alle gitt liv til Jan Guillou sin hemmelege agent, Carl Hamilton. Denne gongen er det norske Jakob Oftebro som er tilbake som den svenske superagenten.

Du ser serien her: 

  • TV 2 Play: andre påskedag, 18. april
  • TV 2: frå 2. mai til 5. mai

«Sommerdahl-mordene» (TV 2)

Foto: Henrik Petit/Sequoia Sommerdahl Aps

Peter Mygrind er tilbake som sjefsetterforskar Dan Sommerdahl i Helsingør. Ein familiefar blir dytta ut frå eit høghus, og drap og smugling snur livet til Sommerdahl og gjengen på hovudet.

Du ser serien her: 

  • TV 2 Play: Tre av fire episodar ligg ute, den siste blir publisert 10. april (palmesøndag)
  • TV 2: Sesong 3 går på lineær-TV no, siste episode blir sendt 10. april kl. 21.45

«Knives out» (TV 2)

Daniel Craig i rolla som detektiv i «Knives Out». Foto: Claire Folger/Nordisk Film Distribusjon

Dette er ikkje ein serie som resten av lista, men det kan vere verdt å få med seg krimdramafilmen «Knives Out» som blir sendt på TV 2 i påska.

I «Knives Out» blir krimforfattar Harlan Throbey funnen daud i herskapshuset sitt etter å ha feira 85-årsdagen sin. Den eksentriske detektiven Benoit Blanc (Daniel Craig) blir sett til å løyse saka, og må avhøyre den spesielle familien til forfattaren, og sno seg gjennom løgner og blindspor for å avdekkje kva som eigentleg har skjedd.

Du kan sjå filmen her: 

  • TV 2: Torsdag 14. april (skjærtorsdag) kl. 21.40
  • Strøyming: Filmen ligg ute på TV 2 Play og Viaplay (leige)

Viaplay

På Viaplay kan du denne påska boltre deg i krimgåter både frå Noreg og Island.

«Wisting 3» (Viaplay)

Sven Nordin som etterforskar William Wisting. Foto: Viaplay

Årets påskekrim på Viaplay og TV3 er tredje sesong av «Wisting». Serien handlar om Jørn Lier Horst sin krimhelt William Wisting, som løyser drap og mysterium i Larvik-området.

Tredje seson av Wisting er basert på romanen Nattmannen. Denne gongen startar saka med at nokon har plassert eit hovud på ein stake midt på torget i Larvik.

Du ser serien her: 

  • Viaplay: frå palmesøndag 10. april, fire episodar

«Søsterskap» (Viaplay)

Den islandske krimmen «Søsterskap» er ute på Viaplay. Foto: Viaplay

I denne islandske serien møter vi tre vennar, no i midten av 30-åra, som deler løyndomar om ting dei gjorde som tenåringar. Skjelettrestane etter ei ung jente dukkar opp, og politietterforskar Vera startar jakta på drapsmannen til ein 14-åring som forsvann og blei drepen 25 år tidlegare.

Du ser serien her: 

  • Viaplay: frå 3. april

Strøymetenester

Ser du ikkje lineær TV og vil heller strøyme ein krimserie i påska? Det er eit hav av valmoglegheiter på verdsveven, men her er nokre av krimseriane du «må» ha sett på nett frå den siste tida.

Netflix

«Kastanjemanden, kom indenfor. Har du nogen kastanje med til mig i dag? Tak skal du ha». Foto: Tine Harden/Netflix

I katalogen til Netflix kan du finne mange gode krimseriar. Har du enda ikkje fått med deg den dansk-svenske suksessen «Broen», er alle fire sesongane tilgjengeleg der.

Av nyare krimseriar, kom andre sesong av «Young Wallander – Killer’s Shadow» på strøymetenesta litt tidlegare i år. Her møter vi ein yngre versjon av Kurt Wallander, ein av dei største heltane i skandinavisk krim. Denne gongen på engelsk.

Vil du ha meir krim frå nabolanda våre kan du ta fatt på danske «Kastanjemannen». Serien er basert på boka med same namn av Søren Sveistrup, som «skapte» nordic noir med klassikaren «Forbrytelsen». Ein seriemordar tar brutalt livet av kvinner og set att små kastanjemenn på åstaden. Rimeleg skumle greier.

HBO Max

Cate Winslet er etterforskar i «Mare of Easttown». Foto: HBO

HBO-serien «Mare Of Easttown» med Kate Winslet i hovudrolla blei ein stor suksess. Har du enda ikkje sett denne, er påska eit ypparleg tidspunkt for å forsvinne inn i dette krimdramaet. Politietterforskar Mare Sheenan bur i ein småby i Delaware County i Pennsylvania og etterforskar drapet på ei tenåringsjente. Samstundes er hennar eige liv i ferd med å rakne.

Eit anna krimdrama på HBO som kan vere verdt å bruke tid på, er «The Undoing». Hugh Grant og Nicole Kidman speler eit ektepar som hamnar i politiets søkelys då mora til ein gut på skulen til sonen deira blir funnen drepen.

Disney+

Selena Gomez, Martin Short og Steve Martin i «Only Murders in the Building». FOTO: Disney+

All påskekrim må ikkje vere bekmørk. Vil du bruke påskekveldane på ein krimserie som samstundes får deg til å trekkje på smilebandet, kan du gå i gang med «Only Murders in the Building».

Dette er ein krimkomedie som parodierer «true crime». Tre nysgjerrige naboar, spelt av Selena Gomez, Steve Martin og Martin Short, er litt for interesserte i krim frå røynda. Ein mann blir funnen skoten i si eiga leilegheit på Manhattan, og politiet konkluderer med at det er sjølvmord. Men dei tre true crime-hekta naboane landar raskt på at det må dreie seg om eit drap, og at gjerningspersonen må vere ein som bur i bygarden deira. Dei har rett og slett fått både eit mysterium å løyse og ei podkast-moglegheit rett i fanget.


Foto: Carolina Romare/Filmlance International/Nimbus Films 2015 , HBO Nordic