Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les vel overalt, eigentleg. Eg går ingen stader utan å ha med noko å lese og noko å skrive på. Elskar å lese på tog!

 I 2017 debuterte forfattar og formidlar Håvard J. Nilsen med diktsamlinga Litt som den sangen. No er 40-åringen aktuell med sin første roman.

Du handlar om den unge trondheimsstudenten Sigurd, som er vaksen opp i ein pinsemeinigheit og er i ferd med lausrive seg.

Boka er ikkje sjølvbiografisk, men har klare parallellar til den trondheimsbaserte forfattaren, som sjølv har brote med pinserørsla.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den forfattaren frå Mosjøen:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Akkurat no held eg på med Reza Aslans fantastiske Zealot. The Life and Times of Jesus of Nazareth.

Her trenger han inn bak dei religiøse førestellingane om Jesus Kristus, til mannen bak, samstundes som han på meisterleg vis skildrar den historiske konteksten, med romarane sin okkupasjon av Palestina, øydelegginga av Jerusalem i år 70 og skrivinga av evangelia, og den jødiske religiøse førestellingsverda i denne perioden. Lærerikt!

Kva bøker les du helst?

Eg les mykje forskjellig: romanar, poesi, filosofi, historie.

Ein raud tråd er vel tekstar som freistar å forstå dei menneskelege eksistensvilkåra, forfattarar som utforskar mørket og lyset vårt, og let meg sjå lenger.

Gode eksempel er Cormac McCarthys Blodmeridianen og William Burroughs Cities of the Red Night.

Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

Mamma og pappa var kjempeflinke til å gje oss litteraturopplevingar.

Det gjekk i Astrid Lindgren, C.S. Lewis, Kari Vinje, og så fekk vi bøkene frå Bokklubbens Barn. Både Lindgren og C.S. Lewis er blitt med meg inn i vaksenlivet.

Astrid Lindgren. Foto: Karl Heinz Hernried. C.S. Lewis.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Bjørn Høviks Med is i magen og Tolkiens Ringenes herre var kanskje mine to sterkaste lesaropplevingar i tenåra.

Med is i magen viste meg korleis litteratur kan fange verkelegheita, så sant og kvardagsleg og ekstraordinært. Eg kjem på noko Peter Samsom skriv i Writing Poems: diktet skal ikkje beskrive det som skjedde, men få det til å skje på nytt i lesaren. Dét klarer Høvik.

Når det gjeld Ringenes herre, er eg takksam for at eg las den før filmane kom. Eg fekk skape mine eigne bilete og opplevingar i møte med den boka, den verda, ikkje berre overta den tunge, seige, actiondominerte greia til Peter Jackson.

Eg likar filmane, altså, men boka er vakrare, rarare, lettare, meir underfundig, langt rikare, langt større.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Her må eg tilbake til Blodmeridianen. Den er berre heilt rå. Eg hadde også vore veldig stolt om eg hadde skrive Tomas Espedal si Dagbok.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det kan vere så mange ting; det finst så mange ulike gode bøker. Nokre har ikkje eit vakkert, elegant språk, men skal ikkje ha det, fordi stoffet krev noko enkelt og røft. I andre er nettopp det vakre språket essensielt, som hos Espedal.

Nokre forfattarar tenker djupt og grundig, nøstar opp idéar og samanhengar, medan andre lar det indre spele seg ut i det ytre, i det fysiske, som Hemingway. Nokre slår i stykker røyndomen, opnar opp noko marerittaktig og vakkert for oss, som Burroughs.

Går det an å seie at I know it when I see it?

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Eg kjem ikkje på éin enkelt som eg kjenner meg mest igjen i, men eg kjenner att trekk i ulike karakterar.

White i McCarthys The Sunset Limited, til dømes, målber ei nihilisme som skremmer meg fordi eg fryktar at han har rett.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Å, det er så mange! Kan vi ikkje ha middagsselskap ved langbord?

Men om eg altså må velje berre éin, vel eg meg forfattaren av Johannesevangeliet.

Vi veit jo ikkje nøyaktig kven det var, men den boka er så fin og så viktig, den held så høgt litterært nivå, og forfattaren er både formidlar av fortellinga om Jesus, teolog og mystikar på same tid. Heftige greier for ein romantikar som meg!

Alterbilete av Maestà av Duccio, 1308–1311. Wikipedia

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Igjen er det ganske nådelaust av dykk å tvinge meg til å velje berre éin, men when in Rome, do as the Romans.

Eg trur Cormac McCarthy sitt forfattarskap er så sterkt og djupt at det kunne bere eit heilt liv. Kanskje hadde det blitt litt vel mørkt i periodar, men det er jo mørke tekstar eg plar å like best, så det passar bra. Sjå eller les The Sunset Limited, så ser du kva eg meiner.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Ein ung Sean Penn!

Skodespelar Sean Penn som 26-åring, i New York, 5.juni 1986. Foto: AP/Frankie Ziths

Randi Fuglehaug debuterte nyleg som krimforfattar. Foto: Sturlasson/Kagge Forlag

Håvard J. Nilsen

  • Alder: 40
  • Frå: Mosjøen
  • Utdanning: master i historie og praktisk-pedagogisk utdanning
  • Yrke: forfattar og formidlar
  • Kor mykje les du sjølv? Eg synest det er vanskeleg å svare på, for eg les i periodar. Nokre gonger raskt, andre gonger langsamt, men eg les mykje