Norske 18-åringar kan vinne gratis interrailbillettar
EU deler kvart år ut gratis interrailbillettar. No er norske 18-åringar inkludert i ordninga for første gong.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Av 70 000 interrailbillettar, skal 760 av desse delast ut til unge i Noreg.
Ein interrailbillett er ein togbillett som gjer at du kan reie så mykje du vil i Europa i ein gitt periode.
Norske ungdommar kan no vinne slike billettar gjennom konkurransen «DiscoverEU».
- Vil du heller på noregsferie? Då må du ta quizen for å sjekke om du er budd!
– Ei reise for livet
Føremålet med gratisbillettane er å bidra til kulturutveksling på tvers av landegrenser. Sidan ordninga blei starta av Europakommisjonen i juni 2018, har over 130 000 unge fått reise gratis rundt i Europa.
– «DiscoverEU» gir unge menneske ein sjanse til å bli kjent med andre land og kulturar med ei togreise gjennom Europa. På den måten kan dei knyte band til andre unge over heile kontinentet – samstundes som dei får ei reise for livet, fortel Sonya Gospopdinova frå Europakommisjonen i ei pressemelding frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
70-80 prosent av dei som reiste i første prøverunde av prosjektet, svarte at dei blei meir opne for eit multikulturelt Europa, meir tolerante for andre sine verdiar og åtferd og meir interesserte i det som skjer i Europa, kjem det fram i undersøkingar frå Europakommisjonen.

- Vil du verte meir friluftsvand? Her er tipsa frå eventyrarane
Verda opnar opp
Til no har berre ungdommar i EU sine medlemsland kunna kjempe om gratis reisepass, men no er ordninga blitt ein del av Erasmus+, og gjeld for alle land som er ein del av utvekslingsprogrammet.
Frå 2022 er altså Noreg med i ordninga.
– Vi er glade for at dette initiativet no også inkluderer norske ungdommar, seier divisjonsdirektør i Bufdir Wenche Mobråten i pressemeldinga.

Wenche Mobråten Foto: Nyebilder.no
Ho peikar på at norske 18-åringar har opplevd to år med pandemi og nedstenging av samfunnet, og at det har vore krevjande. Europakommisjonen har erklært 2022 som Europeisk ungdomsår, for å gi merksemd og støtte til unge som har fått ei annleis ungdomstid på grunn av koronapandemien.
– Vi håpar mange 18-åringar nyttar seg av denne moglegheita, no som samfunnet har opna opp, seier Mobråten.
Slik kan du vinne interrailbillett:
For å delta i konkurransen om gratis interrailbillett, må du vere busett i Noreg (du treng ikkje vere norsk statsborgar) og 18 år på reisetidspunktet. Du må altså vere fødd mellom 1. juli 2003 og 30. juni 2004 i denne omgangen.
Du kan melde deg på aleine eller saman med maks fire andre som også oppfyller krava.
Du kan søkje to gonger kvart år. Første konkurranse i 2022 går mellom 7. og 21. april, før det blir ein ny runde 4. oktober.

Du må svare på fem korte fleirvalsspørsmål og eitt gjettespørsmål. Dei som gjettar nærmast, vinn, medan resten hamnar på venteliste. Vinnarane får reise i ein periode på minst éin dag til maks 30 dagar mellom 1. juli 2022 og 30. juni 2023.
Å bu langt unna ein togstasjon, som er tilfellet for ein del unge i Noreg, skal ikkje vere noka hindring. Ein får nemleg sponsa også reisa til nærmaste togstasjon. EU skriv på nettsidene sine at dersom ein har funksjonsnedsetjingar eller helseproblem som gjer det vanskeleg å reise, vil ein få hjelp og støtte slik at ein kan delta.
Her kan du lese meir om søknadsprosessen, og her kan du søkje.